Ofte stilte spørsmål
Her finn du svar på spørsmål som ofte stillast om tilbodet for barn og ungdom.
Eit opphald på Haugland er intensivt, tverrfagleg og spesialisert.
Tilbodet er i stor grad gruppebasert, men vert tilpassa den enkelte. Det inkluderer opplæringstilbod for følgjeperson.
Hovudverkemiddelet vårt er tilpassa fysisk aktivitet. Vi prøver ut aktiviteter og bygger ferdigheiter og sjølvstende. Sjå kva aktiviteter vi har her.
Deltakarane får oppfølging frå tverrfaglege team. Fagpersonane jobbar for at barna og ungdommane skal kjenne seg trygge, og nyttar ei helsepedagogisk og kognitiv tilnærming. Slik legg vi rammene for at deltakarane kan oppleve meistring og utforske potensialet sitt.
Gjennom meistringsopplevingar, oppfølging og felleskap i gruppa, jobbar vi for ein meir aktiv og deltakande kvardag.
Barn og ungdom mellom 6 og 17 år kan ha rett til opphald viss dei:
- har medfødt eller erverva fysisk funksjonsnedsetting
- og/eller har vore behandla for alvorleg sjukdom
- kan fungere sosialt i gruppe saman med andre
- kan gjere seg nytte av eit tilbod med tilpassa fysisk aktivitet
Kontakt fastlegen eller sjukehuset der de går til oppfølging, for å undersøke om eit opphald er aktuelt for dykk.
- to veker inkludert helg
- organisert behandlingstilbod med helsefagleg, sosialfagleg og pedagogisk personale måndag til laurdag
- aktivitet i helg kan variere noko
Kontakt fastlegen eller sjukehuset ditt for å undersøke om tilbodet er aktuelt for dykk.
Det er fastlegen eller sjukehuset som søker. Les om korleis ein søkjer her.
Merk at vi har rullerande opptak. Søk så tidleg som mogleg.
Deltakarane blir fulgt opp av eit tverrfagleg team.
Teama har medisinsk, pedagogisk, idrettsfagleg og sosialfagleg kompetanse.
Faggrupper som kan følgje opp ved behov:
- fysioterapeut
- idrettspedagog
- ergoterapeut
- lege
- sjukepleiar
- miljøterapeut
- sosionom
- klinisk ernæringsfysiolog
- kompetanse på kognitiv terapi
Dagane på Haugland er varierte, med organisert program og fritid.
Ein typisk dag består av ein til fire økter med varierte aktivitetar ute og inne. Vi prøver ulike aktivitetar og lærer nye ferdigheiter.
Nokre dagar har vi utflukt med kano, kajakk, båt eller til fots.
I tillegg er det tid til skulearbeid og oppfølging.
Under opphaldet er det viktig med rom for pausar og kvile.
Måltida er i kantina.
Vi har sosiale soner med ulike spel og tilbod om å drive med kreativt arbeid, som maling og arbeid med ulike materialer. Dette kan du også drive med på fritida.
Vi har badeanlegg med terapibasseng, symjebasseng, badstue og sklie. Aktivitet i basseng er ein del av det organiserte opplegget. Elles er det ikkje fri tilgang til badeanlegget, med unntak av offentleg bading på dei fleste sundagar. Sjå oppslag.
Kva som gir meistring er ulikt for kvar enkelt.
Det kan vere å:
- trene på å klare sjølv
- teste grensene i klatreveggen
- fortelje nokon korleis ein har det
- få ein ny ven
- finne ro og tid saman
- ta eit steg om gangen
- prøve seg i den djupe delen av bassenget
- teste ut aktivitetar på fjorden
Behandlingstilbodet inkluderer og eit opplæringstilbod til følgjepersonen. Målet er at du skal få betre kompetanse til å følge opp barnet/ungdommen etter opphaldet, og vidareføre arbeidet som er satt i gong på Haugland.
Opplæringa foregår ved delta i aktivitetar, samtalar og innføring i relevante tema.
Som følgjeperson er det viktig å vere budd på å delta i aktivitetar med barna/ungdommane og bidra til ein god gruppedynamikk.
Foreldre / person(-ar) med omsorgsansvar kan søke opplæringspengar frå NAV for å få dekka tapt arbeidsinntekt under opphaldet. Søknadsskjema blir fylt ut under oppholdet på Haugland for dei dette gjeld.
Vi har fleire barne- og ungdomsgrupper gjennom året.
Sjå komande gruppeopphald nederst på sida.
Målet er at gruppene skal vere så jamne i alder som mogleg.
Gruppesamansetninga avhenger samstundes av behov og alder blant dei som søker.
Tilbodet er dekka gjennom avtale med Helse Vest. Barn under 16 år er fritatt for eigenandel.
Sjå informasjon om eigendel her.
Følgjeperson får dekka kost og losji under opphaldet.
Føresette kan søke opplæringspengar frå NAV for å få dekka tapt arbeidsinntekt. Søknadsskjema blir fylt ut under oppholdet på Haugland.
Ein må sjølv søke permisjon frå sin arbeidsgjevar.
Vi har eit avgrensa undervisningstilbod i samarbeid med Vestland fylkeskommune og deltakaren sin skule på heimstaden.
Det vert under opphaldet lagt opp til korte økter saman med lærar, der barna/ungdommen jobbar individuelt med eigen arbeidsplan som heimskulen skal ha laga. Lærar frå fylkeskommunen vil hjelpe og støtte barna/ungdommen i dette skulearbeidet. For grunnskuleelevar er særleg matematikk, norsk og engelsk aktuelt å jobbe med. Vidaregåande elevar vel sjølv kva dei vil fokusere på.
Dersom barnet/ungdommen har vedtak om spesialundervisning (IOP), må det dokumenterast når ein søker om opphald, slik at fylkeskommunen kan vurdere og tilpasse ressursbehovet.
Føresette må søke om elevpermisjon frå heimskulen.
Hugseliste, barnet/ungdommen må ha dette med seg:
- arbeidsplan for opphaldsperioden (laga av kontaktlærar på heimskulen)
- individuell opplæringsplan (IOP) om ein har slik plan
- skulebøker, skule-pc/nettbrett og lader
- anna nødvendig skulemateriell under opphaldet
- bok (roman) som du kan lese som avveksling (eller lydbok/ear pods/headset)
Merk: Det er ikkje skuletilbod ved opphald som er lagt til skuleferie.
Les om korleis ein søker på denne sida.
Rullerande opptak, seinast to månader før det komande barne- og ungdomsopphaldet.
Om målgruppa for tilbodet:
- Dette er eit diagnoseuavhengig tilbod til barn og unge med erverva eller medfødt funksjonsnedsetting i alderen 6 -17 år, med gruppeinntak.
- Krav om funksjon tilsvarande GMFCS-nivå 3-5.
- I tillegg krav om kommunikasjonsevne tilsvarande CFCS-nivå-1-3 og handfunksjon MACS-nivå- 1-3.
- Barnet/ungdommen må kunne fungere i gruppe saman med andre barn/unge.
Om behandlingstilbodet:
Behandlingstilbodet tek utgangspunkt i ei holistisk, biopsykososial forståing av sjukdom og bygger på anerkjente prinsipp innan faget fysikalsk medisin og rehabilitering.
Vi har ei ressursfokusert og tverrfagleg tilnærming, og nyttar tilpassa fysisk aktivitet, psykoedukasjon og friluftsliv i behandlinga i grupper og individuelt.
Kunnskapsgrunnlaget bygger på forsking innan epidemiologi og intervensjon, og faglitteratur, nasjonale og internasjonale rettleiarar, systematiske oversiktsartikler og tilrådingar om beste praksis.