Ledige stillingar
Om arbeidsplassen
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er ein spesialistinstitusjon innan fysikalsk medisin og rehabilitering. Senteret gir tilbod til pasientar med behov for intensiv, tverrfagleg rehabilitering i spesialisthelsetenesta.
Verdiane vi jobbar etter er respekt og likeverd, og vi er opptatt av å ha eit ressursfokus i tilnærminga til pasientane.
Senteret har driftsavtale med Helse Vest RHF om døgnrehabilitering. Vi tilbyr både gruppe- og/eller individuelle opphald for vaksne, ungdom og barn. Det er kring 1100 pasientar til rehabilitering ved senteret kvart år.
Vi held til i Flekke i Fjaler, om lag 15 mil nord for Bergen. Det kort veg til skule/barnehage og butikk. Vi er samlokalisert og samarbeider med den internasjonale skulen UWC Røde Kors Nordisk, og elevane representerer eit stort mangfald på campus.
Senteret ligg flott til ved fjorden som aktivt vert nytta i rehabiliteringa. Som tilsett har du tilgang til senteret sine treningsfasilitetar både ute og inne.