Vi har gruppeopphald for deg som er plaga med tinnitus. I gruppa får du rettleiing i tilpassa fysisk aktivitet og felles undervisning. Du får innføring i kognitiv terapi og innblikk i smarte strategiar for å kunne leve med plagene. Les meir om tilbodet her.
Vi tilbyr gruppeopphald for vaksne med vestibulære sjukdommar og Ménières sjukdom. På eit gruppeopphald kan du lære mykje av å møte andre i same situasjon. Du får innføring i kognitiv terapi og innblikk i meistringsstrategiar for å kunne leve med plagene, samt rettleiing i tilpassa fysisk aktivitet og felles undervisning.
Våren 2025 har vi gruppeopphald for barn og ungdom frå 6-17 år. Under opphaldet jobbar vi for å: ta eit steg mot eit meir aktivt og deltakande liv legge til rette for meistring og at barnet/ungdommen kan utnytte potensialet sitt førebygge seineffekter etter alvorleg sjukdom Tilbodet er for barn og unge som har ei fysisk […]
Vi tilbyr gruppeopphald for personar med multippel sklerose (MS), som har behov for å opprettehalde eller betre funksjonsnivået sitt. Måla med opphaldet er å: lære meistringsstrategiar for å dosere aktivitet og sosial deltaking, og/eller arbeidsdeltaking gje deg positive opplevingar knytt til det å bruke eigen kropp aktivt starte ein prosess som skal kunne vidareførast ved […]
Vi har gruppeopphald til kvinner som har eller har hatt brystkreft. Etter at kreftbehandlinga er over, dukkar det ofte opp nye spørsmål: Korleis er det å leve med ein kropp som har gjennomgått kreftbehandling? Kva er hensiktsmessig no, og korleis bør du legge opp kvardagen? Her får du treffe andre kvinner som veit kva […]
På Haugland har vi lang erfaring med gruppeopphald for deg som har Parkinsons sjukdom. Måla for opphaldet er å: lære meistringsstrategiar for å dosere ut aktivitet, sosial deltaking, og/eller arbeidsdeltaking gje deg positive opplevingar knytt til å bruke eigen kropp aktivt starte ein prosess som skal kunne vidareførast ved heimkomst Gruppeopphalda er ein god arena […]