Fritidskategori: Krev bil

  • Høgevarden

    Høgevarden

    Lengde ein veg: 2,5 km (avheng av kva turløype du vel) Høgde: 515 moh (fjelltopp) Gradering: Medium Universelt tilrettelagt: Nei Køyr mot Dale, sving til høgre på Stav ca. 4 km frå Flekke. Det er to mogelege startpunkt, etter 500 m og etter 700 m. Du ser skilt i vegkanten. Det er fleire parkeringsmogelegheiter langs vegen. Begge vegane følgjer…

  • Grøneholten – Østenstad

    Grøneholten – Østenstad

    Lengde ein veg: 8 km Gradering: Middels Turen startar ved «Demma» i Dale, som ligg 10 minuttars biltur frå Haugland. Frå Demma går ein på skogsveg til Torset, deretter vidare på sti  til Grøneholten, som ligg ca. 400moh. Jamn stigning heile vegen. Frå Grøneholten kan ein gå rundløype vidare i flatare og kupert sti til Østenstad, deretter…

  • Fredensborg

    Fredensborg

    Lengde frå parkeringsplass – Fredensborg: 0,5 km Det er og mogleg å gå rundtur: 2,7 km Gradering: Lett Fredensborg er ein gamal park med privat gravlund frå 1824 midt i skogen. Fredensborg er ein fin og lett tur ca.15 min. biltur frå Haugland. Frå Flekke sentrum køyrer du ca. 1 km. på Rv.57 mot Bergen, ta deretter av til…

  • Svenova

    Svenova

    Lengde ein veg: 2,7 km ein veg Høgde: 520 moh Gradering: Medium (fjelltopp) Universelt tilrettelagt: Nei Køyr mot Dale, sving til høgre på Stav ca. 4 km frå Flekke. Køyr ca  500 meter til du kjem over høgda. Du ser skilt i vegkanten med Svenova. Det er fleire parkeringsmogelegheiter langs vegen. Ole sin skogsveg: Ca. 1 km skogsveg opp…

  • Håheia

    Håheia

    Lengde ein veg: 4,7 km Gradering: Middels Frå Flekke sentrum køyrer du ca. 1 km på Rv.57 mot Bergen, ta deretter av til høgre på Fv. 607 og køyr ca. 1km. Turen startar frå skogsveg ved Solheim. Turen kan gjerast som ei rundløype. Alternativ 1: Ta av ved skilting etter 100 meter. Følg merka sti i vekslande…

  • Elvestien

    Elvestien

    Lengde ein veg: 3,4 km Gradering: Lett Universelt tilrettelagt: Ja Elvestien er ein lett og sentrumsnær tur i Dale, som ligg 10 minuttars biltur frå Haugland. Start ved Vesle Daniel-støtta/klatreparken i Dale sentrum. Gå deretter mot kyrkja, gjennom Tusenårsstaden til Steia, vidare på vestsida av tunet til Jarstadvegen, nordover langs elva frå Jarstadbrua til under Svehaugen. Langs…