Kjell fann gleda i å vere aktiv, og tok den med seg heim

På Haugland fekk Kjell prøve ulike aktivitetar under trygge forhold. Sommaren etterpå la han 700 kilometer under sykkelhjula.

Kjell har alltid vore aktiv, og har blant anna spelt volleyball og handball på høgt nivå. Det var under reinsjakta i 2003 at Kjell oppdaga at føtene svikta. Han var stiv og støl i kroppen.

Det skulle ta nesten fem år med mange sjukehusopphald før han fekk svar på kva som var gale. Han hadde fått muskeldystrofi. Sjukdommen gjer det vanskelegare å gå, og over tid vert musklane svakare. I dag sit Kjell i rullestol.

Skulle finne aktivitetar han likte og meistra

På Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter fekk Kjell hjelp til å finne aktiviteter som kunne gi glede og mestring.

Han testa først ut kajakk i innandørsbasseng. Å få teste aktiviteten ut innandørs ilag med instruktør opplevde han som trygt. Her opplevde at han at han meistra kajakk.

Etter kvart kom han seg også ut på fjorden. Kajakk bydde på både meistring, fysisk aktivitet og naturopplevingar.

Godt å sykle igjen

Sidan det var vinter då Kjell var på Haugland, fekk han ikkje til å teste ut sykkel.

Dei tilsette melde han difor på ei aktivitetsmesse i regi Hjelpemiddelsentralen. Der fekk han teste ut el-sykkel, som han fekk med seg heim. Slik kunne han fortsette å trene.

Å støtte pasientar til å finne aktiviteter som gir glede og meistring er eit viktig mål på Haugland.

Kjell fortel kor fantastisk godt det føltes å få sykle igjen. Han ville nesten ikkje gå av sykkelen.

Sommaren 2019 stod bilen til Kjell i ro. Han tar sykkelen når han skal trene, handle og lufte hunden. To sykkeløkter i løpet av dagen har blitt ei vane.

I løpet av sommaren har Kjell lagt bak seg 700 kilometer på sykkel.

Tilpassar øktene til dagsforma

Kjell tilpassar intensitet til dagsforma.

På gode dagar brukar han minst mogleg elektrisk kraft på sykkelen, mens på dei litt mindre gode dagane justerer han opp den elektriske krafta.

Han fortel engasjert at hadde det ikkje vore for dei tilsette ved RKHR så hadde han ikkje hatt sykkel i dag.

Å støtte pasientar til å finne aktiviteter som gir glede og meistring, og som ein held fram med heime er eit viktig mål på Haugland.

Sjå fleire av våre blogg innlegg

Thaisuppe med kylling