Brukarundersøking i Badeland

Vi er glade for å ta imot deg som gjest i Badeland! For å vite meir om korleis du opplever å vere på bading, inviterer vi deg til ei brukarundersøking. Undersøkinga er anonym, men du får høve til å registrere e-postadressa di etterpå og vere med i trekking av klippekort (12 klipp).
Vi ber deg om å skåre di oppleving frå 1 til 5, der 1 er lågaste verdi (ikkje fornøgd) og 5 er høgste verdi (svært fornøgd).
Når vi skriv «du» eller «deg» kan du og svare på vegne av din familie om det er mest relevant for deg. 

TRIVSEL

Kor godt trivst du i Badeland?
Opplever du at badevaktene er hyggelege overfor deg som badegjest?

FASILITETAR

Kor fornøgd er du med bassengfasilitetane?
Opplever du at bassenganlegget er i god teknisk stand?
Syns du det er godt nok utval av utstyr og leiker til utlån?

GARDEROBAR

Korleis opplever du at garderobane er tilpassa ditt behov?
Er du fornøgd med reinhald og hygiene i garderobane?

TRYGGLEIK

Opplever du at badevaktene har merksemd på badegjestane?
Opplever du at gjestane si tryggleik er ivaretatt?

OPNINGSTIDER

Er du fornøgd med opningstidene i Badeland?

INFORMASJON

Syns du det er enkelt å finne informasjon om tilbodet/ opningstider m.m..?
Får du som gjest tilstrekkeleg informasjon t.d. ved stenging av basseng?

EVENTUELT

TREKKING AV KLIPPEKORT

Etter at skjema er sendt inn, vil det opne seg eit nytt vindauge som stadfesting. Dersom du ynskjer å delta i trekking av klippekort, vil du der finne link til registrering av e-post adresse. Dette kjem opp som eit eiga vindauge for å sikre at sjølve undersøkinga forblir anonym. Registrering av e-post adresse er sjølvsagt frivilleg.
Siste frist for innsending er 31. januar 2027. 

Tusen takk for ditt bidrag!