Offentleg bading

Badeland er ope for små og store på søndagar kl. 11.00–16.00.

Garderobane er opne frå kl. 10.45. I periodar med stor pågang må vi sette ei maks. grense på 1,5 time per gjest.

Barn under 10 år må ha følgje med vaksen, som har ansvar for tilsyn av sine barn. Det er og badevakter til stades i Badeland.

Billett

Du kjøpar billett i billettluka når du kjem på bading, her er kortterminal. Om du treng å betale kontant, kan du gjere det i resepsjonen og ta med kvittering ned til Badeland. Det er uansett viktig å ta vare på kvittering som bevis på betalt billett.

Følgjekort vert akseptert. Du kjøper då kun billett for den du er følgje til. Følgjekort må framvisast i billettluka.

Klippekort

Klippekort (12 klipp) for barn og vaksne kan du kjøpe i resepsjonen. Korta er gyldige i to år frå kjøpsdato.

På grunn av avvikling av nettbutikk, vil ikkje QR-kode lenger virke for dei som har elektroniske klippekort. Om dette gjeld deg, ver snill å kontakte resepsjonen når du kjem.

Prisar

  • Barn (0-2 år) gratis
  • Barn (3-16 år) kr. 60,-
  • Vaksen kr. 100,-
  • Familiebillett (2v. + 2 b.) kr. 270,-
  • Klippekort barn (12 klipp) kr. 600,-
  • Klippekort vaksen (12 klipp) kr. 1 000,-

Varer

I badebua kan du få kjøpt symjebriller, badehetter og anna symjeutstyr. I tillegg finn du hygieneartiklar som såpe, sjampo og badebleier.

Retningslinjer

For alle sin tryggleik og trivsel er det viktig at du som badegjest føl retningslinjer oppslått i garderobar og ved bassenga. Vi har eigne retningslinjer knytt til hygiene.

Badeland er stengt i forbindelse med jul og nyttår. Dersom bassenget må stengast grunna vedlikehald eller liknande, vert det annonsert på heimesida og på Facebook.