Leige av basseng
Det er mogleg å leige basseng på Haugland. Ein disponerer då bassenget åleine i oppsett leigetid.

Instruks for leige av basseng
- Alle som leiger basseng må ha med ein ansvarleg person over 20 år som har godkjent livredningsprøve. Denne personen skal vere til stades i basseng/bassengområde under heile økta, skal ha oppsyn med gruppa, og har ansvar for at gjennomføringa av aktiviteten er forsvarleg.
- Ansvarleg person er pliktig til å sette seg inn i rutinar for bruk av bassenganlegget, inkl. medisinsk alarmplan og prosedyre ved brann.
- Kopi av bevis for oppdatert livredningsprøve skal framvisast.
- Det er krav om at det skal vere minimum to symjedyktige over 18 år til stades i bassenget.
- Ved store grupper (t.d. skuleklassar), må ein vere fleire vaksne i bassenget.
- Anbefalt tal personar er maks. 40 pers./time i det store bassenget og maks. 20 pers./time i terapibassenget.
- Leigetakar har tilgang til garderobar 15 min før og etter bassengtida. Ein må ta høgde for å dele garderobe med andre.
- Sjå retningslinjer for hygiene.
Pris
Leige av basseng er kr. 1000,- pr. basseng. Pris er pr. time (60 min). Minimum leigetid er ein time, deretter vert det for kvar påbegynte halvtime.
For regelmessig leige, ta kontakt på post@rkhr.no.
Har ein ynskje om å leige badevakt frå senteret, må ein ta kontakt i god tid på førehand.
For meir informasjon, ta kontakt med oss på tlf. 57 73 71 00.