Fysvass

Hausten er i anmarsj og vi er klare for å starte opp igjen med trening i terapibassenget. Vi held fram med Fysvass på måndagar kl. 11.15 – 12.00.

Instruktør på land og badende i basseng
Foto: Solfure Foto

Dei siste vekene har det vore vedlikehaldsarbeid i terapibassenget, og etter planen opnar vi det opp att i veke 38. Vi startar då med Fysvass frå og med måndag 21.09.2026. Vi legg opp til 13 treningar med måndag 14.12. som siste gong før jul. Det er som vanleg instruktør frå rehabiliteringssenteret som har ansvar for treninga.

Som deltakar kjøper du eit sesongkort (kr. 1650,-) der du er sikra plass kvar gong denne hausten. Kortet betaler du i resepsjonen på førehand, t.d. før første trening. Kortet kan ikkje refunderast om du får deltatt mindre enn du hadde tenkt.

Har du sesongkort kan du gi din plass til ein annan på dagar du sjølv ikkje kan stille. Sesongkortet skal likevel stå i ditt namn. Om du gir plassen din til ein annan, skal denne ikkje betale noko til oss, då du allereie har betalt for denne plassen.

Tidlegare har vi lagt opp til at dei som før har hatt sesongkort har hatt fortrinn til ny sesong. Det går vi no bort i frå. Vi har i staden laga eit skjema der dei som er interesserte melder seg. Dersom det er stor pågang, vil vi måtte gi plassane til dei som først registrerer seg. Vi kan dessverre ikkje registrere interesserte pr. telefon.

Skjema finn du her (ut veke 38):

Vi forstår at det kan vere ulike meningar om at vi no endrar praksis, men vi gjer dette for at også dei som har stått på venteliste skal få moglegheit til å delta. Fleire har vore på venteliste for Fysvass i lang tid, og vi ønsker no å gi alle like moglegheiter.

Det er i utgangspunktet plass til 20 personar på Fysvass. Dersom det er mange som ynskjer å delta, må vi vurdere om vi kan auke opp. Alle som melder interesse i løpet av veke 38 vil uansett få tilbakemelding av oss. Vil du melde interesse etter det, kan du sende e-post til resepsjon@rkhr.no eller kontakte oss på telefon 57 73 71 00.

Vi har andre brukarar i bassenga både før og etter Fysvass. Deltakarane må difor halde seg til 15 min garderobetid både før og etter trening, inkludert evt. bruk av badstove. Vi minner om at alle må dusje godt både før og etter basseng.

Vi ser fram til ein ny sesong!