Basseng og fasilitetar

På Haugland er det stort badeanlegg med to basseng, vannsklie, boblebad og badstover. Begge basseng er tilrettelagt for tilkomst med rullestol.

Tre barn som kaster ball i basseng
Foto: Jostein Vedvik

Hovudbasseng

Hovudbassenget er 25 m langt med fire symjebaner og motstraumskanal. På det djupaste er bassenget 1,9 m. Vatnet i hovudbassenget har temperatur på 27-28 ºC.

Det er leikesone for barn og badeleikar til utlån. Her finn du og vannsklia med landingsbasseng med 1,0 m djupne.  Minimum alder for å kunne bruke vannsklie på eiga hand er 7 år.

Terapibasseng

Terapibassenget er 12,5 m langt og ligg adskilt frå hovudbassenget. Bassenget er 85 cm djupt på det grunnaste og 1,5 m på det djupaste. Vatnet har temperatur på 33-34 ºC. Her er eiga sone med boblebad.

Badstover

Ved hovudbassenget finn du to badstover, ein for damer og ein for herrer. Herregarderoben har direkte tilkomst til si badstove. Damebadstove ligg adskilt frå garderobe, men har tilgang til eigen dusj.

Retningslinjer for bruk er oppslått ved badstovene.

Garderobar

I tilknyting til bassenga er det damegarderobe og herregarderobe. Om ein ynskjer å låse garderobeskåpa kostar det 20,- pr. skåp. Ta med mynt eller kjøp i billettluka (søndag).