Vi har to ulike lokalitetar spesielt tilrettelagt for handverk og kreativt arbeid. Snikkarbua ligg nede ved fjorden og Hobbyrommet er i hovudbygget.
Mykje av aktiviteten i Snikkarbua og på Hobbyrommet er lagt opp som eigenaktivitet, men det er og rettleiing frå miljøterapeut til oppsette tider. Ein kan og ha individuelle opplegg med miljøterapeut som del av behandlinga. Oppgåver og aktivitet kan ha mål om å betre funksjon, gi nye meistringsopplevingar og skape gode sosiale møter.
