Prosjekt
Pågåande prosjekt
Kva effekt kan skreddarsydd trening ha som behandling for personar med sjeldne nevromuskulære sjukdommar? Det er spørsmålet i den store PETRA-NMD-studien.
Forskarane skal undersøke om eit personleg tilpassa fire månaders treningsprogram med styrke- og balansetrening kan forbetre dynamisk balanse, muskelstyrke og generell fysisk trivsel hos deltakarane, samanlikna med vanleg oppfølging.
Prosjektet har fått 17,1 millioner kroner i støtte frå Nasjonalt program for klinisk behandlingsforsking i spesialisthelsetenesta.
Studien vil rekruttere 120 deltakarar med Charcot-Marie-Tooth (CMT), Dystrofia Myotonika type 1 eller Fascio-scapulo-humoral muskeldystrofi (FHSD). Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er rehabiliteringssenteret for deltakarane frå Helse Vest.
Prosjektet varer i fem år. 2024 vart brukt til å planlegge og rekruttere deltakarar. I 2025 starta dei første deltakarane i programmet.
Kristin Ørstavik er nevrolog og seksjonsleiar på Eining for medfødde og arvelege nevromuskulære tilstandar (EMAN) ved Oslo Universitetssjukehus. Ho leier prosjektet, som er eit samarbeid mellom:
- Norsk nevromuskulært kompetansesamarbeid, som består av Nevromuskulært kompetansesenter ved Universitetssjukehuset i Nord-Norge, Eining for arvelege og medfødde nevromuskulære tilstandar ved Oslo universitetssjukehus og Frambu
- Foreningen for muskelsyke
- Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter, Kastvollen rehabiliteringssenter, Vikersund Bad Rehabiliteringssenter og Vigør Rehabiliteringssykehus
- Seks sjukehus som vil rekruttere deltakarar (Haukeland, OUS, Vestre Viken, Molde, Namsos og UNN)
- Noregs idrettshøgskule
Du kan lese meir om prosjektet her.
Multisenterstudien RehabNytte er eit samarbeid mellom 17 private rehabiliteringsinstitusjonar frå alle helseregionar organisert gjennom forskings- og utviklingsnettverket i dei private rehabiliteringsinstitusjonane (FoU-nettverket i Virke Rehab), i samarbeid med Nasjonal kompetansetjeneste for revmatologisk rehabilitering (NKRR), Nasjonal kompentansetjeneste for arbeidsrettet rehabilitering (NK-ARR) og regional kompetansetjeneste for rehabilitering Helse SørØst (RKR-HSØ).
Overordna mål med prosjektet er å bidra til betre og meir effektive rehabiliteringstenester, ved å undersøke kva nytte pasientar har av rehabilitering, auke kunnskap om grad og betydning av brukarmedverknad og kvalitetssikre måleinstrument til bruk i forsking og evaluering av rehabilitering i Noreg.
Rekruttering av deltakarar starta januar 2019 og på gjekk fram til mars 2020. Totalt er omlag 4000 pasientar blitt inkludert i studien.
Prosjektet er delt til tre arbeidspakker: brukarmedverknad(AP1), nytte av rehabilitering på arbeidsdeltaking (AP2), nytteverdi av rehabilitering og nytte av kvalitetsindikatorar i rehabilitering (AP3).
AP1 og AP2 har fått eksterne midlar frå Stiftelsen DAM til PhD-stipendiatstillingar. I tillegg finansierer FoU-nettverket saman med NKRR ein postdoc som skal jobbe med AP3.
Prosjektet har som hovudmål å utvikle ei ny digital løysing for modulbasert rehabilitering, integrert i journalsystemet Ad Curis. Løysinga skal strukturere rehabiliteringsforløp i fleksible digitale modular som blir aktiverte automatisk basert på tid, hendingar og pasientstatus.
Ho skal òg samle inn og visualisere data om aktivitet og framgang gjennom heile behandlingsforløpet. Dette vil gi behandlarane betre oversikt og gjere det mogleg å følgje opp fleire pasientar på ein effektiv måte. Samstundes får pasientane høve til større deltaking og betre støtte gjennom rehabiliteringa.
Prosjektet er eit samarbeid mellom journalleverandøren Carasent Norge og fire private rehabiliteringsinstitusjonar: Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter, Sørlandets Rehabiliteringssenter Eiken, Vikersund Bad Rehabiliteringssenter og Meråker Kurbad.
Prosjektet skal utvikle ei digital løysing som kombinerer objektive målingar av framgang med klinisk fagkunnskap og systematisk tilbakemelding frå pasientane. Løysinga skal styrkje samhandlinga mellom dei ulike nivåa i helsetenesta og leggje til rette for ei meir målretta, persontilpassa og koordinert oppfølging gjennom heile rehabiliteringsforløpet.
Du kan lese meir om prosjektet her.
Avslutta prosjekt
ISIVET (Interdisciplinary structured interview with a visual educational tool) er eit klinisk kartleggingsverktøy som bidreg til at pasienten får betre innsikt om seg sjølv og sine utfordringar, og saman med fagpersonane lettare kan snakke om og gjere gode val.
Kartlegging av faktorar knytt til livskvalitet og yrkesforhold, gjev eit areal som direkte visualiserar situasjonen for personen sjølv og for behandlarar. Ved ny kartlegging kan ein sjå arealendringar. Det blir eit utgangspunkt for å evaluere situasjonen og pågåande tiltak.
ISIVET er utvikla av Randi Brendbekken som er seksjonsoverlege ved avdeling for Fysikalsk medisin og rehabilitering, Sykehuset Innlandet og forskar ved Nasjonal kompetansetjeneste for arbeidsrettet rehabilitering (NK-ARR) på Rauland. Utprøving av ISIVET hos oss skjer i samarbeid med Randi og NK-ARR.
Prosjektperiode: 2022-2024.
Du kan lese meir om ISIVET her: https://isivet.no/
Nasjonal kompetanseteneste for arbeidsretta rehabilitering (NK-ARR) starta i januar 2021 eit prosjekt saman med fem private rehabiliteringsinstitusjonar (Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter, Valnesfjord Helsesportssenter, Muritunet, Hernes Institutt og Rehabiliteringssenteret AiR) for å utvikle og ta i bruk nye digitale løysingar som kunne styrkje kvaliteten på rehabiliteringa. Samstundes vart det etablert digitale læringsarenaer for klinikarane som deltok i prosjektet. Eit viktig mål var òg å vidareutvikle bruken av det felles kvalitetsregisteret for arbeidsretta rehabilitering som verktøy for kvalitetsforbetring, utviklingsarbeid og dokumentasjon av behandlingsresultat.
Ein sentral del av prosjektet var å undersøkje korleis trening med virtuell røyndom (VR) kunne bidra til betre merksemd og konsentrasjon.
Prosjektperiode: 2021-2024
Du kan lese meir om VR-prosjektet her: Digital arbeidsretta rehabilitering
Eit stort multisenterstudie på kognitiv funksjon og psykisk helse sin innverknad på arbeid. KOFU-prosjektet vart leda av Thomas Johansen ved Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering, og tre rehabiliteringsinstitusjoner, der vi saman med Valnesfjord Helsesportssenter og Catosenteret bidrog i undersøkelsane.
Tittel: «Kognitive tiltak innen arbeidsrettet rehabilitering: Undersøkelse av kvalitet og effekt».
Formål: Undersøke i kva grad eit ARR-opphold gjev endring i kognitiv fungering og psykisk helse (angst, depresjon, helseplager), og i kva grad endring i kognitiv fungering kan predikere tilbakeføring til arbeid.
Eksempel på kognitive evne er: hukommelse, oppmerksomhet, konsentrasjon, planlegging, psykologisk fleksibilitet.
For mer om prosjektet, les her
Nasjonalt forskings- og utviklingsprosjekt for å løfte fysisk tilpassa aktivitet for menneske med funksjonsnedsetting og aktivitetshjelpemiddel i rehabilitering, herunder generere viktig kunnskap både på system- og individnivå.
Prosjektet var eit samarbeid mellom Beitostølen Helsesportsenter (BHSS), Valnesfjord Helsesportsenter(VHSS), Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter (RKHR) og Nasjonal kompetansetjeneste for barn og unge med funksjonsnedsettelser.
Prosjektet fekk midlar frå Stiftinga Sophies Minde, BHSS leia prosjektet, les meir
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter deltok i perioden 01.01.15 til 30.06.15 i forskingsprosjektet «Rehabilitering Kohort Vest» saman med andre rehabiliteringsinstitusjonar i regionen. Målet var å få meir kunnskap om kven som får tilbod om rehabilitering ved ein rehabiliteringsinstitusjon, og korleis det går med pasientane etter avslutta opphald.
Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering, Helse Bergen HF, var ansvarleg for studie. Publiserte artiklar og sjølve dr.gradsarbeida finn du her
KaNo-prosjektet vart starta på oppmoding frå Kreftforeningen ut ifrå deira erfaringar og satsing på Unge og kreft i 2008. Dei fleste unge som får kreft overlever kreftsjukdommen, men forsking viser at mange unge som har gjennomgått kreftbehandling opplever at overgangen frå behandling til eit kvardagsliv kan vere tøff. Prosjektet fekk namnet “KaNo” fordi mange etter avslutta behandling stiller seg spørsmålet “hva nå?” eller “ka no?”.
Det har vore lite forsking på rehabilitering av unge kreftpasientar både nasjonalt og internasjonalt. Kano-prosjektet tok sikte på å utvikle og teste eit målretta og strukturert rehabiliteringsprogram for unge mellom 18 – 35 år som hadde gjennomgått kreftbehandling.
Første gruppe i prosjektet starta opp i januar 2011. Prosjektet var leia av fagpersonale ved Haugland Rehabiliteringssenter. Knytt til prosjektet var stipendiat May Aasebø Hauken, i samarbeid med Universitetet i Bergen/ HEMIL senteret. Det har hittil komt ut tre artiklar frå Hauken, og du finn meir informasjon om studiane her, her og her.
Heile dr.grads-arbeidet finn du her. I tillegg har det blitt publisert ein artikkel frå studien i tidsskriftet Cancer Nursing.
Du kan også lese fysioterapeut Linda Viken si Masteroppgåve «Masteroppgåve Linda Viken«.
Saman med deltakarane i prosjektet har vi vurdert effekten til å vere så god at gruppetilbod til unge vaksne er sett inn som ein del av det ordinære tilbodet vårt.
Sjå også video frå deltakarar i prosjektet, ein kort versjon og ein lengre versjon.
Prosjektet fokuserer på utdanning og rehabilitering for unge frå konfliktområde, med skadar frå mellom anna eksplosiv som landminer, frå andre traumar, frå stigmatisering og frå flukt.
Dette er eit mulitidisiplinært samarbeidsprosjekt mellom Røde Kors, United World College Røde Kors Nordisk (UWCRCN), Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter (RKHR) og Haugland Internasjonale forsking og utviklingssenter (HIFUS).
Kvar eining bidreg med ekspertkompetanse på sine felt; humanitært arbeid, utdanning, helsefremming og forsking. Prosjektet er støtta finansielt gjennom Røde Kors si rammeløyving frå Utanriksdepartementet.
Målet er å fremme utdanning og tilpassa rehabilitering for ungdomar frå konfliktområde, for å bidra til meistring, auka deltaking og livskvalitet.
Eit hovudmål for prosjektet er at studentane returnerer til sine heimland og bidreg med sine ressursar i lokalmiljøet etter endt utdanning. Ei utdanning frå United World College opnar i tillegg mange dører for vidare akademiske studiar.
I prosjektet utnyttar ein spisskompetansen innan internasjonal utdanning og tverrfagleg rehabilitering på dei to Røde Kors-institusjonane på Haugland. To nye deltakarar blir rekruttert til prosjektet kvart år. Prosjektdeltakarane får tilbod om stipend til eit studietilbod ved UWCRCN i Flekke i Vestland Fylke, på lik linje med dei andre elevane ved skulen. Samarbeid og lokalisering saman med RKHR syter for rehabilitering på spesialistnivå. Gjennom rehabilitering jobbar ein for å sikre at deltakarane sine fysiske behov blir dekka, samt for å auke evna til å gjennomføre daglege aktivitetar og deltaking. HIFUS står for forsking og administrasjon av prosjektet.
Vi ønskjer å studere effektane programmet har på deltakarane og deira fysiske og mentale helse med forskings-metodikk og intensjon. Prosjektet starta i 2011, og resultata så langt motiverer til å gjere dette til eit permanent tilbod, utvida med eit forberedande år der ein ser det som hensiktsmessig.
Du finn meir informasjon om survivors of conflict-programmet her.
Saman med fleire bedrifter og institusjonar såg vi på mogelegheiter for å måle funksjon ved hjelp av avanserte sensorar og kompleks statistikk.
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter, Ergotest Innovation AS, stiftinga Teltek og Pattern Recognition Systems AS samarbeidde om eit prosjekt der ein prøvde ut multivariate statistiske metodar for integrasjon av data frå ulike typar måleinstrument, og data som elles blir henta inn gjennom eit pasientforløp, for å kvalitetssikre behandlingstilbud innan helse og rehabilitering.
Prosjektet vart innvilga kvalifiseringsstøtte frå Oslofjordfondet, og datainnsamlinga blei gjennomført på pasientar ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter våren 2014.
I samhandlingsprosjektet såg ein på korleis ein kan betre koordineringa og samhandlinga mellom pasient, lokale aktørar og rehabiliteringsinstitusjonen for saumlause forløp med pasient og pasienten sitt mål i sentrum. Prosjektet var delt inn i fire delprosjekt, og vart finansiert av Helsedirektoratet.
Delprosjekt 1: Utvikling av ein modell for samhandling mellom lokale NAV-kontor, kommunehelsetenesta og rehabiliteringsinstitusjon.
Delprosjekt 1 starta våren 2009 og var ferdigstilt juni 2010.
Du kan lese sluttrapport frå delprosjekt 1 her.
Delprosjekt 2: Utvida samhandling i form av felles utskrivingssamtale under tverrfagleg institusjonsbasert rehabilitering på spesialisthelsetjenestenivå.
Delprosjekt 2 vart gjennomført i perioden februar til april 2013.
Du kan lese sluttrapport frå delprosjekt 2 her.
Delprosjekt 3: Evaluering av en modell for samhandling i praksis mellom NAV, kommunehelsetjeneste og rehabiliteringsinstitusjon.
Delprosjekt 3 starta opp i november 2013 og vart ferdigstilt i mai 2014.
Du kan lese sluttrapport frå delprosjekt her.
Delprosjekt 4: Utprøving og evaluering av samhandling med pasienten sin arbeidsgjevar og NAV som ein del av arbeidsretta rehabilitering.
Delprosjekt 4 vart gjennomført i perioden november 2013 til mai 2014.
Du kan lese sluttrapport frå delprosjekt 4 her.
ICF er Verdas Helseorganisasjon sitt klassifiseringssystem for funksjon, sjukdom og helse. Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter var med og vurderte kjernesett for korsryggsmerter.
I 2008 vart det publisert ein studie der fysioterapeut ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter, Bjarte Fossen, var med på å prøve ut kjernesett for korsryggsmerter i klassifiseringssystemet International Classification of Functioning, Disability and Health (ICF). ICF er verdas helseorganisasjon (WHO) sitt rammeverk for å måle helse og sjukdom både på individuelt nivå og i populasjonar. ICF legg vekt på funksjonsevne, aktivitetar og miljøfaktorar.
Dette er eit svært omfattande klassifiseringssystem, og WHO starta eit arbeid med å utvikle kjernesett for ulike sjukdomar, mellom anna korsryggsmerter. Målet var at ein i større grad skulle kunne klassifisere aktivitet, deltaking og miljø si rolle ved sjukdom. I tillegg ønskte ein eit verktøy som kunne brukast på tvers av profesjonar og landegrenser, kunne samanlikne kliniske og epidemiologiske studiar, samt brukast i klinisk praksis på alle helsetjenestenivå og samfunnsområder.
I denne studien ønskte ein å vurdere bruk av det foreslåtte kjernesettet for korsryggsmerter i klinisk praksis. Ein ønskte spesielt å vurdere om det fanga opp ryggpasientane sine problem og om det mangla kategoriar. Ein ønskte også å evaluere tidsbruk og helsepersonell si vurdering av nytten av å bruke kjernesett.
Hovudkonklusjonane i studien var at ICF-kjernesett for korsryggssmerter fanga opp ryggpasientane sine problem. Det var eit egna verktøy for å få auka perspektiv på deltaking og miljøfaktorar. Ytterlegere reduksjon i tal kategoriar meinte ein kunne vere nødvendig. Det aller viktigaste meinte ein var opplæring i, og bruk av, ICF-kjernesett. Implementering av ICF i klinisk og vitskapeleg arbeid meinte ein vil krevje vidare kritisk evaluering og vitskaplege studiar.
Du kan lese heile studien her.
I perioden 2000 til 2007 gjennomførte Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter fleire studiar på rehabilitering av kvinner med brystkreft.
Gjennom 2000-talet vart det gjort fleire studiar ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter på rehabilitering av kvinner med brysktreft. Fysioterapeut Kari Fismen ved RKHR var sentral i dette arbeidet, saman med andre i fagstab ved RKHR, og fagfolk frå andre institusjonar.
I 2000 vart studien Rehabilitering av kvinner med brystkreft publisert. 50 kvinner deltok i eit tre vekers rehabiliteringsopplegg med vekt på fysisk aktivitet og undervisning/gruppesamtalar. Dei same kvinnene var også tilbake ved RKHR til eit ei-vekes oppfølgingsopphald tre månader seinare. Auka fysisk kapasitet, auka thoraxrørsleevne, betra psykisk tilstand og livskvalitet, samt at mange kom tilbake igjen i arbeid var mellom hovudfunna i studien. Du kan lese heile forskingsartikkelen her.
I ein studie frå 2002 evaluerte ein behandlingsopplegget ein hadde brukt i studien frå 2000. Ein fekk her fram mykje interessant tilleggsinformasjon. Det viste seg til dømes at forsøkspersonane la vekt på at kontakten med medpasientane og den fysiske treninga hadde vore svært viktig premissar for vellukka rehabilitering. Dei strukturerte gruppesamtalane hadde også stor betydning, i tillegg til kontakten med personale og undervisninga. Ei rekke andre element vart også trekt fram som viktige, og du kan lese heile studien her.
I 2007 publiserte forskarane ein studie der dei såg på korleis det hadde gått med kvinnene fem år etter opphaldet ved RKHR. Kondisjonsnivået var redusert i perioden, til 74 % av predikert nivå for alder. Aktivitetsnivået var også redusert, plager i arm og skulder var fortsatt betydelege, medan plager med depresjon og angst heldt seg på same nivå som etter rehabiliteringa. Mange hadde problem sosialt og i arbeidslivet, og berre 19 av 34 var fortsatt i full jobb. Denne studien kan du lese her.
Fleire ulike forskingsstudiar har blitt gjort på data henta inn frå pasientar ved RKHR.
Fysisk aktivitet og overvekt
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter har samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane om forsking på rehabilitering ved sjukleg overvekt. To fagfolk frå Høgskulen i Sogn og Fjordane, Randi Jepsen og Eivind Aadland, har teke sine dr. gradar knytt opp mot denne forskinga.
Publiserte studiar:
Aadland E, Anderssen SA: Treadmill calibration of the Actigraph GT1M in young-to-middle-aged obese-to-severely obese subjects. Journal of Obesity 2012, 2012:Article ID 318176.
http://www.hindawi.com/journals/jobes/2012/318176/
Aadland E., Robertson L.: Physical Activity Is Associated with Weight Loss and Increased Cardiorespiratory Fitness in Severely Obese Men and Women Undergoing Lifestyle Treatment. Journal of Obesity, vol. 2012, Article ID 810594, 9 pages, 2012. doi:10.1155/2012/810594.
http://www.ncbi.nlm.nih.gov/pubmed/22666559
Aadland E, Steene-Johannessen J: The use of individual cut points from treadmill walking to assess free-living moderate to vigorous physical activity in obese subjects by accelerometry: is it useful? BMC Medical Research Methodology 2012,15:172.
http://www.biomedcentral.com/1471-2288/12/172
Aadland E, Jepsen R, Andersen JR, Anderssen SA: Increased physical activity improves aerobic fitness but not functional walking capacity in severely obese subjects.
http://www.medicaljournals.se/jrm/content/?doi=10.2340/16501977-1205&preview=1
Jepsen R, Aadland E, Robertson L, Kristiansen M, Andersen JR, Natvig GK. Factors and associations for physical activity in severely obese adults during a two-year lifestyle intervention. PeerJ 2014 Aug 7;2.
https://peerj.com/articles/505
Det er også fleire mastergradsstudiar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane som har brukt data frå denne pasientgruppa.
Psykologiske faktorar og sjukeleg overvekt
I tillegg blir det gjort forsking på sjukleg overvekt av forskarar frå psykologisk institutt ved Universitetet i Oslo. Tema i denne studien var motivasjon for å gjennomgå vektreduserande behandling, samt å undersøke korleis det går med pasientane etter behandlinga.
Les meir her: https://www.sv.uio.no/psi/forskning/prosjekter/overvektsbehandling/index.html
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter (RKHR) var med på ein multisenterstudie der standardiserte spørjeskjema som kartlegg helseplager og funksjonsevne relatert til jobb vart testa ut. Prosjektet vart starta 1.1.2007, og vart avslutta i 2016.
Meir informasjon finn du her: Nasjonalt kompetansesenteret for arbeidsrettet rehabilitering