Fast stilling som helgeassistent

Søknadsfrist: 30.10.2026

Oppstart: 04.01.2027

Søknad merkast: Helgeassistent

Kontaktperson: Leiande sjukepleiar Ellen Eiken, telefon 57 73 71 21

Søknad sendast til: ledigstilling@rkhr.no

tsk treningssal kjellar haugland rehabilitering styrketrening

Om stillinga

Vi har ledig ei fast helgestilling som assistent på sjukepleieavdeling med arbeid kvar 3. helg.

Arbeidsoppgåver:

Jobben består mellom anna i å hjelpe til ved stell og måltid og følge til og delta i pasientaktivitet. Du jobbar tett saman med sjukepleiar, men må òg ha evne til sjølvstendig arbeid. 

Kvalifikasjonar/ personlege eigenskapar:

  • Liker å arbeide med menneske og gjerne har erfaring frå liknande arbeid 
  • Kan arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner 
  • Beherske norsk skriftleg og munnleg 
  • Helst over 18 år, men yngre kan òg bli vurdert.

Det vil bli stilt krav om framlegging av politiattest forut for tiltreding i stillinga jfr. Helsepersonelloven § 20a.

Vi tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver 
  • Konkurransedyktige vilkår 
  • Gode velferdsordningar 
  • Eit godt arbeidsmiljø 
  • Løn etter regulativ.