100% fast stilling som reinhaldar

Søknadsfrist: 21.06.2026

Oppstart: 01.09.26

Søknad merkast: Reinhaldar

Kontaktperson: Driftsleiar Elin Håland, tlf 57 73 71 77/ 91357625 eller epost: elin.haaland@rkhr.no

Søknad med CV, attestar og vitnemål sendast til: ledigstilling@rkhr.no

Bygningar i ulike fargar, fjord og fjell rundt. Foto.

Om stillinga

Då ein av våre gode reinhaldarar gjennom mange år skal gå av med pensjon, søker vi no etter ny, engasjert reinhaldar. Vi ser etter deg som har interesse for reinhald og ser betydninga av godt reinhald for å sikre eit trygt, helsefremjande og triveleg miljø.

Vi ser etter deg som;

  • Er serviceinnstilt og løysingsorientert
  • Tek ansvar og arbeider sjølvstendig
  • Er oppteken av kvalitet og av å gjere godt arbeid
  • Samarbeider og kommuniserer godt med andre

Kvalifikasjonar:

  • Erfaring frå reinhaldsarbeid
  • Førarkort klasse B er ein fordel
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Arbeidsoppgåver:

  • Dagleg reinhald av pasientrom og fellesareal
  • Reingjeringsoppgåvene vert utført etter NS Insta 800
  • Periodisk reinhald
  • Arbeidsoppgåver knytt til eige vaskeri
  • Bruk av reinhaldsmaskiner
  • Andre oppgåver innan reinhald ved behov.

Vi tilbyr

  • Ei spennande stilling med fagleg ansvar
  • Moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving
  • Fast arbeidstid og ordna tilhøve
  • Gode lønns- og pensjonsordningar
  • Varierte arbeidsoppgåver i fine omgjevnader
  • Godt arbeidsmiljø
  • Gode velferdsordningar og personalgoder som tilgang til basseng og treningsfasilitetar

Det vil bli stilt krav om framlegging av politiattest forut for tiltreding i stillinga jfr. Helsepersonelloven § 20a.