Gjest i Bekkerhuset
Vi er glade for å ta imot deg som gjest i Bekkerhuset. Takk for at du les denne informasjonen på førehand, slik at både du som gjest og huset blir tatt i vare på ein god måte.

Overnatting
Det er fire soverom i Bekkerhuset som vert leigd ut til offisielle gjestar. Det er to enkeltsenger på kvart rom og felles bad i kvar etasje.
Innsjekk
Det er innsjekk frå kl. 15 om ikkje anna er avtalt. Ta kontakt med resepsjonen ved RKHR for registrering.
Nøklar og låsing
I resepsjonen vil du få nøkkel som passar til hovuddør og til soverom. Om ikkje anna er avtalt, er det ikkje tilgang til kjøkken. Stover vert kun leigd ut ved offisielle arrangement.
Om du forlet huset skal soverom og ytterdør låsast. Ytterdør skal og vere låst om natta.
Orden
Vi ber om at gjestar handterer Bekkerhuset og inventar med varsemd.
Det skal vere ro på området frå kl. 23.00.
WiFi
Du har tilgang til WiFi gjennom vårt gjestenett ‘haugland’ (passord: hauglandgjest)
Brann
Bekkerhuset er eit gamalt trehus og vi bed deg vere varsam så det ikkje oppstår brann. All bruk av stearinlys og eld på romma er forbode.
ALARM: Brannalarm frå Bekkerhuset blir varsla direkte i resepsjonen ved RKHR.
SLOKKING av små branntilløp: Det er tre brannslokkingsapparat i huset.
EVAKUERING: Gjer deg kjent med rømningsvegar i tilfelle brann. Alle soverom har brannstige; gjer deg kjent med korleis den fungerer.
VARSLING OM BRANN:
- Meld i frå til Brannvesen telefon 110
Adressa til Bekkerhuset er Hauglandsvegen 338, Flekke i Fjaler kommune - Kontakt resepsjonen ved RKHR på tlf. 57 73 71 00/ mob. 94 00 80 45
Utsjekk og avreise
Om ikkje anna er avtalt, er det utsjekk frå Bekkerhuset kl. 10. Ved avreise må du hugse å slå av lys og låse dører, inkl. ytterdør. Nøklar leverast tilbake til resepsjonen ved RKHR.
Takk for at du var gjest hos oss!