Kommunikasjonsleiar 100% fast stilling

Søknadsfrist: Søndag 01.03.2026

Oppstart: 01.06.2026 eller etter avtale

Søknad merkast:  Kommunikasjonsleiar

Kontaktperson: Adm.dir. Inger Johanne Osland. E-post: inger.osland@rkhr.no. Telefon: 41448295

Søknad med CV, attestar og vitnemål sendast til: ledigstilling@rkhr.no

Foto: SolfureFoto

Om stillinga

Er du «god» til å formidle – skriftleg, munnleg og visuelt – og klar for nye utfordringar? Brenn du for å skape treffsikre bodskap og utnytte potensialet i digitale kanalar? Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Vi har ledig fast 100 % stilling som kommunikasjonsleiar ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter, ein mangfaldig og spennande institusjon i Fjaler, Vestland.

Arbeidsoppgåver:

Som kommunikasjonsleiar skal du vere med å fremje senteret sin visjon og målsettingar, samt bidra til synleggjering av senteret sin faglege profil internt og eksternt.

I denne stillinga får du ei sentral rolle i å formidle tilbodet vårt til pasientar, helsepersonell og andre interessentar. Du vil samarbeide med brukargrupper og organisasjonar, og jobbe for gode rutinar innan intern og ekstern kommunikasjon. Det ligg ikkje personalansvar til stillinga.

Aktuelle arbeidsoppgåver:

Kommunikasjon:

  • Vere ansvarleg for senteret sin kommunikasjonsstrategi
  • Strategisk og operativt kommunikasjonsarbeid
  • Bidra til høyringsuttaler, interessepolitiske uttaler og pressemeldingar
  • Rådgjeving til adm.dir. i interessepolitiske saker, profilering og mediehandtering
  • Ha kontakt med relevante eksterne aktørar og brukarorganisasjonar

Marknadsføring og profilering:

  • Drifte og produsere innhald til nettside og sosiale medium med spesiell vekt på universell utforming
  • Koordinere og gjennomføre marknadskampanjar og marknadsføring
  • Styrke institusjonen si merkevare, grafiske profil og omdømme
  • Vere ein ressurs i utarbeiding av informasjonsmateriell og årsrapport

Kvalifikasjonar/ personlege eigenskapar:

Vi søker ein kandidat som:

  • Har utdanning innan kommunikasjon, journalistikk eller marknadsføring
  • Er språksterk og kommuniserer godt både skriftleg og munnleg
  • Jobbar sjølvstendig og strukturert
  • Trivast i eit hektisk miljø
  • Samarbeider godt med kollegaer på alle nivå
  • Gjerne har erfaring frå tilsvarande arbeid

Vi tilbyr:

  • Ein mangfaldig og spennande arbeidsplass
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Gode velferdsordningar og eit godt arbeidsmiljø
  • Konkurransedyktige vilkår

Vi kan vere behjelpelege med å skaffe bustad