Narkolepsi

Tilbodet er for deg som har fått diagnose narkolepsi og har behov for å oppretthalde eller betre funksjonsnivået ditt. 

Vi ynskjer at du skal få positive opplevingar knytt til å bruke kroppen aktivt, og få verktøy for å meistre kvardagen på ein hensiktsmessig måte. Det er eit mål å kunne starte ein prosess her som kan vidareførast når du kjem heim.

Skog utanfor rehabiliteringssenteret. Foto.

Vi har tilbod om tre vekers døgnopphald for vaksne med narkolepsi. Opphaldet er eit gruppebasert tilbod der du vil møte andre personar med same diagnose.

Saman med deg har vi fokus på dine ressursar og legg til rette for meistringopplevingar i eit trygt og motiverande miljø.

Målet med opphaldet er å lære strategiar for å dosere ut aktivitet på ein god måte, herunder sosial deltaking og/eller deltaking på skule, utdanning eller i arbeid.

Dette får du hos oss

  • Utarbeiding av rehabiliteringsplan
  • Oppfølging av tverrfagleg team 
  • Individuelt tilpassa aktivitet både innandørs og utandørs
  • Undervisning og individuell rettleiing for å auke innsikt og forståing rundt eigen livssituasjon og diagnose
  • Innføring i kognitiv terapi, eit verktøy for å forstå meir om tankar og kjensler knytt til det som skjer med oss
  • Regulering og eksponering for å finne balanse mellom aktivitet og kvile
  • Kartlegging og rådgjeving knytt til døgnrytme, med fokus på fordeling av vakentid og søvn gjennom døgnet
  • Naturopplevingar, bevegelsestrening og basal kroppskjennskap

Kvifor velgje oss?

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter har lang erfaring med pasientar med ulike nevrologiske lidingar. Vi har eit tverrfagleg og kompetent team med engasjerte tilsette, og gode fasilitetar for aktivitet både ute og inne.

Ved å tilby gruppeopphald, vil personar med same diagnose få møte kvarande og utveksle erfaringar. Vi ser at likemannshjelpa, der ein møter andre i same situasjon, er av stor verdi.

Praktisk informasjon

Til deg som har fått plass, er her eller har vore her.