Sommarjobb 2026

Vi lyser no ut spennande sommarjobbar ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter! Vi søkjer etter sommarvikarar til fleire avdelingar.

Søknadsfrist: 15.02.2026, søknader vert vurdert fortløpande

Arbeidsperiode: Frå veke 26 til veke 32

Søknad merkast:  Sommarjobb + kva avdeling du søker på

Kontaktperson: Personalleiar Thor Grane, tlf. 57 73 71 07

Søknad med CV, attestar og vitnemål sendast til: ledigstilling@rkhr.no

Om senteret

Vi er ein spesialistinstitusjon innan fysikalsk medisin og rehabilitering. Senteret gir tilbod om rehabilitering for pasientar med behov for ei tverrfagleg og heilskapleg tilnærming i spesialisthelsetenesta.

Senteret held til i Flekke i Fjaler, om lag 15 mil nord for Bergen.

Sommaren 2026

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er kjent for å vere ein kjekk stad å jobbe, og vi ser no etter sommarvikarar på helseavdeling og driftsavdeling.

HELSEAVDELINGA

  • Fysioterapeut
  • Sjukepleiar
  • Assistent på sjukepleieavdelinga
  • Assistent på avdeling for fysioterapi, idrett og ergoterapi

DRIFTSAVDELINGA

  • Assistent kjøkken
  • Assistent teknisk/ vaktmeister
  • Assistent reinhald
  • Resepsjonist dag/ kveld
  • Nattevakt resepsjon

Kvalifikasjonar

  • Du må fylle 16 år i løpet av året (unntak er resepsjon, der du må vere fylt 18 år)
  • Du må kunne kommunisere på norsk
  • Dersom du er under utdanning innan dei nemnde faggruppene er du også velkommen til å søkje

Kompetanse, relevant erfaring og personlege eigenskapar vert lagt til grunn ved tilsetting

Det vil bli stilt krav om framlegging av politiattest forut for tiltreding i stillinga jfr. Helsepersonelloven § 20a.

Vi tilbyr

  • Opplæring vert gitt og det er alltid erfarne kollegaer på jobb som kan rettleie deg
  • Konkurransedyktige lønnsvilkår
  • Varierte arbeidsoppgåver som vil gje deg god arbeidserfaring
  • Eit god arbeidsmiljø med fokus på trivsel og samarbeid
  • Tilgang til treningsfasilitetar på fritida
  • Hjelp med hybel/bustad
  • Gode lønns-/bonusordningar