Vi har stort badeanlegg med to basseng, vannsklie og badstover. Badeanlegget er ope for pasientar til fastsette tider når fagstab eller badevakt er til stades.
Det er tilkomst for rullestolbrukarar til begge bassenga.
Hovudbassenget er 25 m langt med fire symjebaner, vannattraksjonar og motstraumskanal. Vatnet har temperatur på 27-28 ºC. Bassenget er 1,9 m på det djupaste, og har eiga leikesone for barn med badeleikar til utlån.
Ved hovudbassenget er det vannsklie med eige landingsbasseng med 1,0 m djupne.
Terapibassenget er 12,5 m langt, og ligg skilt frå hovudbassenget. Vatnet har ein temperatur på 33-34 ºC og har eiga sone med boblebad. Terapibassenget er 1,5 m på det djupaste.
Badstover: Det er to badstover i badeanlegget. Badstove for herrar ligg som ein integrert del av herregarderoben. Badstove for damer ligg skilt frå garderobe, og er tilrettelagt med eigen dusj. Pasientar har tilgang til badstover i samband med organisert bassengaktivitet.
For at alle skal trivast, har vi eigne retningslinjer for hygiene i basseng. Øvrige retningslinjer for bruk av badeanlegget er oppslått i bassengområdet.



