Fasilitetar og aktivitet
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er ein del av spesialisthelsetenesta og har brei tverrfagleg kompetanse.
Når du kjem til oss, vil fagteam utarbeide ein plan for opphaldet ilag med deg. Denne planen blir laga med utgangspunkt i tilvisinga og problemstillinga, funksjonsnivået ditt og måla dine for opphaldet.
Vi har eit variert tilbod av aktivitetar, men det er ikkje slik at alle deltek på alt. Kva som er anbefalt for deg, vert vurdert individuelt.
For mange handlar det om å lære og leve med den skaden, sjukdomen eller livssituasjonen ein har kome i. Kanskje treng du rettleiing i trening og tilpassa øvingar, eller du treng å justere ned tempoet og finne det «trappetrinnet» som passar best for deg og din situasjon.
Her finn du nærmare informasjon om treningsfasilitetane ved senteret.






