Målgruppe

Tilbodet er for deg som har diagnose Cerebral parese (CP), og som har behov for oppretthalde eller betre funksjonsnivået ditt.

Mål

Lære meistringsstrategiar i forhold til dosering av aktivitet og sosial deltaking, og/eller arbeidsdeltaking. Gje deg positive opplevingar knytt til det å bruke eigen kropp aktivt, og starte ein prosess som skal kunne vidareførast ved heimkomst.

Tiltak og metode

Vi arbeider tverrfagleg og nyttar ei helsepedagogisk og kognitiv tilnærming i rehabiliteringa. Ein i teamet vil vere din koordinator under heile opphaldet. Du får hjelp til å nå målsettinga di og teamet vårt vil ha fokus på ressursane dine.

Du vil under opphaldet få tilpassa aktivitet tilpassa ditt funksjonsnivå, med eige treningsprogram for betring av di fysiske yteevne. Aktivitetane vil i hovudsak vere i gruppe, men du vil få eit individuelt tilpassa program der aktivitetane er gradert og tilpassa ditt funksjonsnivå. Vi har mange spennande og allsidige aktivitetar både inne og ute. Eksempel på aktivitetar er trening i varmt basseng, bevegelsestrening, basal kroppskjennskap, avspenning i basseng, turar og naturopplevingar. For dei som ynskjer det, er det også mogleg å delta på ei rekke meistringsaktivitetar som klatring, rappellering, kano/kajakkpadling. I tillegg er det mogleg å delta på handverksaktivitetar, sosiale utflukter og kulturelle aktivitetar. Det er eit mål at den prosessen du startar på under opphaldet hos oss, skal kunne vidareførast når du kjem heim. Samarbeid med kommunen om oppfølging av tiltak etter utskriving og eventuell utarbeiding av individuell plan, kan vi og bistå deg med.

Kontakt med eksterne samarbeidspartar

Under rehabiliteringsopphaldet tek vi kontakt med aktuelle eksterne aktørar ved behov, dette vert alltid gjort i samråd med den enkelte pasient. Det kan vere fastlege, arbeidsgjevar, NAV, bedriftshelseteneste, den kommunale helsetenesta/heimetenesta, hjelpemiddelsentral eller andre.

Søknad

Søknad sendast frå fastlege eller spesialist.

Gruppeopphald

23 september

Gruppetilbod for deg som har Cerebral parese (CP), der målet er å fremje aktivitet og deltaking i eige liv. Tilbodet passar for deg som har behov for å betre eller[…]

Praktisk informasjon

Til deg som har fått plass, er her eller har vore her.