Kroniske muskel- og bløtdelssmerter

Vi har lang erfaring i behandling av eit bredt spekter av diagnoser og tilstandar, og vi har i mange år hatt tilbod om spesialisert rehabilitering til pasientar med kroniske muskel- og bløtdelssmerter.

Målgruppe

Tilbodet rettar seg mot deg som har hatt langvarige smertetilstandar primært frå muskel og bløtdel, og som er motivert for å betre funksjonen din for å kunne ta opp att eller auke di sosiale deltaking og/ eller arbeidsdeltaking. Vi kan bidra med å avklare medisinske problemstillingar som hindrar deg i deltaking.

Mål

Lære meistringsstrategiar i forhold til dosering av aktivitet og sosial deltaking, og/eller arbeidsdeltaking. Gje deg positive opplevingar knytt til det å bruke eigen kropp aktivt, og starte ein prosess som skal kunne vidareførast ved heimkomst.

Tiltak og metode

Du vil under opphaldet få auka innsikt og forståing for eigen tilstand. Vi kan lære deg meistringsstrategiar i forhold til dosering av aktivitet, motivere til endring i tenking og funksjon i kvardagen, gje deg moglegheit for å betre din funksjon og gje deg positive opplevingar knytt til det å bruke eigen kropp aktivt gjennom mestringsopplevingar og lystbetonte aktivitetar.

Smertemeistring, førebygging av tilbakefall og reduksjon av medikamentbruk er også viktig. Det er eit mål at den prosessen du startar på under opphaldet hos oss, skal kunne vidareførast når du kjem heim. Vi arbeider tverrfagleg og nyttar ei helsepedagogisk og kognitiv tilnærming i rehabiliteringa. Ein i teamet vil vere din koordinator under heile opphaldet. Du får hjelp til å nå målsettinga di og teamet vårt vil ha fokus på ressursane dine.

Du vil under opphaldet få tilpassa aktivitet tilpassa ditt funksjonsnivå, med eige treningsprogram for betring av di fysiske yteevne. Aktivitetane vil i hovudsak vere i gruppe, men du vil få eit individuelt tilpassa program der aktivitetane er gradert og tilpassa ditt funksjonsnivå. Vi har mange spennande og allsidige aktivitetar både inne og ute. Eksempel på aktivitetar er trening i varmt basseng, bevegelsestrening, basal kroppskjennskap, avspenning i basseng, turar og naturopplevingar. For dei som ynskjer det, er det også mogleg å delta på ei rekke meistringsaktivitetar som klatring, rappellering, kano/kajakkpadling. I tillegg er det mogleg å delta på handverksaktivitetar, sosiale utflukter og kulturelle aktivitetar.

Kontakt med eksterne samarbeidspartar

Under rehabiliteringsopphaldet tek vi kontakt med aktuelle eksterne aktørar ved behov, dette vert alltid gjort i samråd med den enkelte pasient. Det kan vere fastlege, arbeidsgjevar, NAV, bedriftshelseteneste, den kommunale helsetenesta/heimetenesta, hjelpemiddelsentral eller andre.

Kartleggingsopphald

Kartleggingsopphald er eit kortvarig tverrfaglig vurderingsopphold i spesialisthelsetenesta.

Målet er å gjere ei grundig og tverrfaglig utredning av pasienten sine helseproblem, kartlegge ressursar og faktorar som påvirkar pasienten si helse og arbeidsevne, samt gje forslag til vidare oppfølging og behandling.