Arbeidsretta rehabilitering

Tilbodet er diagnoseuavhengig og passar for deg som er sjukmeld, er på arbeidsavklaringspengar (AAP) eller står i fare for å bli sjukmeld.

Arbeidsretta rehabilitering kan være nøkkelen tilbake i jobb, eller gjere at du unngår vidare sjukmelding.

Kvinne i klatrevegg

I arbeidsretta rehabilitering har vi fokus på meistring og at du sjølv har ei aktiv rolle. Målet er å bidra til at du får betre helse, betre arbeidsevne og auka livskvalitet. Vi vil at du skal bli trygg på å bruke din eigen kropp, og bli trygg på din arbeidsevne i din arbeidssituasjon.

Med «arbeid» meiner vi også skule og/ eller utdanning.

Det er eit mål at den prosessen du startar på under opphaldet, skal kunne halde fram når du kjem heim.


Slik gjer vi det

  • Utarbeiding av plan for opphald med primærkontakt
  • Oppfølging av tverrfagleg team
  • Individuelt tilpassa aktivitet både innandørs og utandørs
  • Undervisning og individuell rettleiing for å auke innsikt og forståing
  • Regulering og eksponering for å finne balanse mellom aktivitet og kvile
  • Kartlegging av funksjonsevne og arbeidsrelatert meistringstru
  • Kartlegging av medisinske problemstillingar som kan hindre arbeidsdeltaking


Kvifor velgje oss?

Vi har lang erfaring med spesialisert arbeidsretta rehabilitering, og tilbodet vårt er i tråd med tilrådingane frå Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering. Vi har brei tverrfagleg kompetanse og ei heilskapleg tilnærming.