Kartleggingsopphald
Tilbodet er for deg som bør ha ei nærmare kartlegging før ein tar stilling til eit evt. seinare rehabiliteringsopphald. Kanskje er både du og din behandlar usikre på om eit vanleg opphald vil gi utbytte eller ikkje.

Eit kartleggingsopphald er eit kort opphald og varar som regel i fem dagar. Her vil du få innspel til korleis du kan bli betre og/ eller korleis du kan meistre og leve med dine plager.
Målet er å gjere ei heilskapleg vurdering av din helsesituasjon, slik at vi har eit betre grunnlag for å gi råd om vidare oppfølging og behandling.
Vi vil og ta stilling til om du bør følgast opp av primærhelseteneste eller spesialisthelseteneste vidare.
Dette får du hos oss
- Kartlegging ut frå ein biopsykososial modell, her under meistringstru, meistringsevne og fysisk funksjonsevne
- Kartlegging av ressursar og faktorar i dine omgjevnader som verkar inn på di helse og di evne til deltaking
- Vi ønsker å gi deg meir erfaring og kompetanse om din eigen situasjon, og involvere deg i plan for vidare rehabilitering
- Tverrfagleg team utarbeider ei anbefaling om tiltak og vidare forløp på bakgrunn av:
- Opplysningar i søknaden
- Dine eigne opplysningar
- Kartlegging utført i løpet av opphaldet
Kvifor velgje oss?
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter har lang erfaring med rehabilitering av ulike diagnosar og problemstillingar. Våre fagfolk har difor eit godt grunnlag for å gjere ei kartlegging ilag med deg, for å sjå om eit vidare rehabiliteringsopphald vil vere hensiktsmessig eller ikkje.
Slik søker du
Lurer du på korleis du søker for å få plass hos oss?
Praktisk informasjon
Til deg som har fått plass, er her eller har vore her.