Ofte stilte spørsmål

Her finn du svar på spørsmål som ofte stillast om tilbodet for barn og ungdom.

  • Vi testar ut aktivitetar og byggjer ferdigheiter og sjølvstende
  • Vi legg til rette for at deltakarane kan oppleve meistring og utforske potensialet sitt
  • Gjennom meistringsopplevingar, oppfølging og fellesskap i gruppa, jobbar vi for ein meir aktiv og deltakande kvardag
  • Tilbodet er gruppebasert, men vert tilpassa den enkelte
  • Deltakarane får oppfølging frå tverrfagleg team
  • Opplæringstilbod for følgjeperson

Barn og ungdom mellom 6 og 17 år kan ha rett til opphald om dei:

  • Har medfødt eller erverva fysisk funksjonsnedsetting, og/eller har vore behandla for alvorleg sjukdom
  • Kan fungere sosialt i gruppe saman med andre
  • Kan gjere seg nytte av eit tilbod med tilpassa fysisk aktivitet

Kontakt fastlegen eller sjukehuset der de går til oppfølging, for å undersøke om eit opphald er aktuelt for dykk.

  • To veker inkludert helg
  • Organisert behandlingstilbod måndag til laurdag
  • Fritidsaktivitetar ettermiddag, kveld og helg

Kontakt fastlegen eller sjukehuset ditt for å undersøke om tilbodet er aktuelt for dykk. Det er fastlegen eller sjukehuset som søker. 

Les meir om søknad og søknadsprosess.

Merk at vi har rullerande opptak. Søk gjerne så tidleg som mogleg.

Deltakarane blir fulgt opp av eit tverrfagleg team med medisinsk, pedagogisk, idrettsfagleg og sosialfagleg kompetanse.

Dagane på Haugland er varierte med organisert program og fritid.

Ein typisk dag består av to til tre økter med varierte aktivitetar ute og inne. Vi prøver ut ulike aktivitetar og lærer nye ferdigheiter. Nokre dagar har vi utflukt med kano, kajakk, båt eller til fots. Andre dagar har vi innandørs aktivitetar, t.d. i badeanlegget eller i klatreveggen.

Det blir sett av tid til skulearbeid og oppfølging, og det er viktig med rom for pausar og kvile. Måltida er i kantina til fastsette tider.

Vi har sosiale soner med spel og tilbod om kreativt arbeid, t.d. maling og handverksarbeid. Dette kan du og drive med på fritida.

Kva som gir meistring er ulikt for kvar enkelt. Vi tar eitt steg om gangen!

Det kan vere å:

•             Trene på å klare seg sjølv

•             Teste sine eigne grenser

•             Fortelje nokon korleis ein har det

•             Få ein ny ven

•             Finne ro og tid saman

•             Våge å prøve noko nytt

Eitt av måla med behandlingstilbodet er at følgjepersonen skal få betre kompetanse til å følge opp barnet eller ungdommen etter opphaldet, og vidareføre arbeidet som er sett i gong hos oss.

Opplæringa består i å delta i aktivitetar og samtalar, samt få innføring i relevante tema. Som følgjeperson er det viktig å vere budd på å delta i aktivitetar med barna/ ungdommane og bidra til ein god gruppedynamikk.

Foreldre/ personar med omsorgsansvar kan søke opplæringspengar frå NAV for å få dekka tapt arbeidsinntekt under opphaldet. Søknadsskjema blir fylt ut under opphaldet på Haugland for dei dette gjeld.

Vi har fleire barne- og ungdomsgrupper gjennom året.

Sjå komande gruppeopphald nederst på sida.

Målet er at gruppene skal vere så jamne i alder som mogleg.

Gruppesamansetning avhenger samstundes av innsøking, behov og alder blant dei som søker.

Tilbodet er dekka gjennom avtale med Helse Vest. Barn under 16 år er fritekne for eigendel . Følgjeperson får dekka kost og losji under opphaldet.

Føresette kan søke opplæringspengar frå NAV for å få dekka tapt arbeidsinntekt. Søknadsskjema blir fylt ut under opphaldet på Haugland. Ein må sjølv søke permisjon frå sin arbeidsgjevar.

Les meir på NAV sine sider om opplæringspengar.

Vi har eit avgrensa undervisningstilbod i samarbeid med Vestland fylkeskommune og deltakaren sin skule på heimstaden.

Det vert under opphaldet lagt opp til korte økter saman med lærar, der barna/ungdommen jobbar individuelt med eigen arbeidsplan som heimskulen skal ha laga.

Lærar frå fylkeskommunen vil hjelpe og støtte barna/ungdommen i skulearbeidet. For grunnskuleelevar er særleg matematikk, norsk og engelsk aktuelt å jobbe med. Vidaregåande elevar vel sjølv kva dei vil fokusere på.

Dersom barnet/ungdommen har vedtak om spesialundervisning (IOP), må det dokumenterast når ein søker om opphald, slik at fylkeskommunen kan vurdere og tilpasse ressursbehovet.

Føresette må søke om elevpermisjon frå heimskulen.

Merk at det er ikkje skuletilbod ved opphald som er lagt til skuleferie.

Hugseliste til undervisning

Barnet/ ungdommen må ha dette med seg:

  • Arbeidsplan for opphaldsperioden (laga av kontaktlærar på heimskulen)
  • Individuell opplæringsplan (IOP) om ein har ein slik plan
  • Skulebøker, skule-pc/nettbrett og lader
  • Anna nødvendig skulemateriell under opphaldet
  • Bok (gjerne roman) som du kan lese som avveksling, eller lydbok/earpods/headset

Vi har rullerande opptak, men ynskjer helst å ha søknaden i god tid før eit opphald.

Les meir om søknad og søknadsprosess her.

Målgruppa for tilbodet:

  • Dette er eit diagnoseuavhengig tilbod med gruppeinntak for barn og unge med erverva eller medfødt funksjonsnedsetting.
  • Tilbodet er for aldersgruppa 6 -17 år
  • Barnet/ungdommen må kunne fungere i gruppe saman med andre barn/unge.

Behandlingstilbodet:

Behandlingstilbodet tek utgangspunkt i ei holistisk, biopsykososial forståing av sjukdom og bygger på anerkjente prinsipp innan faget fysikalsk medisin og rehabilitering.

Vi har ei ressursfokusert og tverrfagleg tilnærming, og nyttar tilpassa fysisk aktivitet, psykoedukasjon og friluftsliv i behandlinga i grupper og individuelt.

Kunnskapsgrunnlaget bygger på forsking innan epidemiologi og intervensjon, faglitteratur, nasjonale og internasjonale rettleiarar, systematiske oversiktsartikler og tilrådingar om beste praksis.