Praktisk informasjon > Før opphaldet
Gjestar og ledsager
Gjestar
Du har anledning til å ta imot gjestar når du er på rehabiliteringsopphald. Om gjesten ynskjer å bestille mat eller overnatting, må det avtalast i god tid på førehand. Ta kontakt med resepsjonen for nærmare informasjon, prisar og booking.
For alternativ overnatting i området kan du kontakte våre naboar UWC Connect. Alternativt finn du Fabel Kafé og Motell i Dale, 11 km frå Haugland.
Ledsager
Dersom du er avhengig av ledsager for å vere på rehabiliteringsopphald, må dette godkjennast på førehand. Tilvisande lege må derfor opplyse om dette i søknaden. Ledsager kan bu på rom ilag med deg eller på eit eige rom, forutsett at institusjonen har ledige rom.
Når opphald er godkjent med ledsager, dekker vi kost og losji for denne.
Pasientreiser dekker reise for ledsager til og frå institusjonen ilag med pasienten. Reiseutgifter som kjem utanom dette, t.d. ved byte av ledsager, vert ikkje dekka av Pasientreiser eller av rehabiliteringssenteret.