Næraste flyplass er Førde lufthamn Bringeland (40 km frå Haugland).

Det er Widerøe som flyr mellom Oslo og Førde. Du kan sjekke flytider på Widerøe sine nettsider.

For å komme deg frå flyplassen til Flekke må du som hovudregel nytte offentleg transport. Best oversikt over bussavgangar får du på Entur – nasjonal reiseplanlegger.

For å komme til Haugland tar du to eller tre bussar:

  1. Flybuss frå Førde lufthamn Bringeland til Førde Rutebilstasjon. Flybussen finn du like utanfor flyplassen etter at du har landa.
  2. Frå Førde Rutebilstasjon til Dale (evt. heilt til Flekke)
  3. Du kan måtte byte buss i Dale for å komme til Flekke

Frå Flekke må du på førehand ha tinga drosje som kan ta deg dei siste 3 km til Haugland. Sjå meir informasjon under fana «Drosje».

Ved retur-reise frå Haugland hjelper vi til med bestilling av drosje til Flekke. Deretter føl du offentleg transport til flyplass på same måte som over, berre motsett veg.

Er det slik at du ikkje kan nytte offentleg transport og må ha drosje t/r flyplass, må den tingast på førehand.

Merk at flyreiser og drosje over lengre avstandar (som her) må vere godkjent på førehand av tilvisande lege og Pasientreiser.

Har du spørsmål rundt transport, kan du kontakte resepsjonen vår på tlf. 57 73 71 00.