Vi tilbyr gruppeopphald for personar med multippel sklerose (MS), som har behov for å opprettehalde eller betre funksjonsnivået sitt.
Måla med opphaldet er å:
- lære meistringsstrategiar for å dosere aktivitet og sosial deltaking, og/eller arbeidsdeltaking
- gje deg positive opplevingar knytt til det å bruke eigen kropp aktivt
- starte ein prosess som skal kunne vidareførast ved heimkomst
Her er tilrettelagte fasilitetar med to basseng og treningssalar, treningsfasilitetar ute og fine turløyper.
Du får fagleg oppfølging i tilpassa fysisk aktivitet og innføring i kognitiv terapi, som er eit nyttig verktøy for å handsame utfordringar.
I gruppa møter du andre med liknande erfaringar, noko som er viktig for mange.