Fysvass

Det er kjekt å sjå god respons på Fysvass! Frå januar 2026 held vi fram med trening på måndagar kl. 11.15 – 12.00, og som vanleg er det instruktør frå rehabiliteringssenteret.

Oppstart våren 2026 er måndag 12. januar, og siste trening er måndag 13. april. Det blir ikkje trening 06. april som er 2. påskedag.

Som deltakar kjøper du eit sesongkort (kr. 1500,-) der du er sikra plass kvar gong denne våren. Kortet betaler du i resepsjonen på førehand. Kortet kan ikkje refunderast om du får deltatt mindre enn du hadde tenkt.

Har du sesongkort, opnar vi for at du kan gi din plass til ein annan person på dagar du sjølv ikkje kan stille. Sesongkortet skal likevel kun stå i ditt namn, og du disponerer framleis kun éin plass i bassenget. Om du gir plassen din til ein annan, skal denne ikkje betale noko til oss, då du allereie har betalt for den plassen.

Det er i utgangspunktet sett av plass til 20 personar på kvar trening. Våren 2026 vil vi prøve ut å auke gruppa til 22 personar fordi det no er fleire på venteliste.

Vi har andre brukarar i bassenga både før og etter Fysvass. Ein må difor halde seg til 15 min garderobetid både før og etter treninga, inkludert evt. bruk av badstove. Vi minner om at alle må dusje godt både før og etter trening.

Vi ser fram til ein ny sesong!