
Garderobane opnar kl. 10.45 og bassenget opnar kl. 11.00. I utgangspunktet kan du vere i bassenget så lenge du vil fram til vi stenger kl. 16. I periodar med stor pågang må vi likevel sette ei maks. grense på 1,5 time per gjest.
Barn under 10 år må ha følgje med ein vaksen. Dei vaksne har ansvar for eigne barn, inkl. å ha tilsyn med dei i bassenga. Det er i tillegg badevakter til stades.
Billett
Billettar vert kjøpt i billettluka når du kjem på bading (kortterminal). Om du treng å betale kontant, kan du gjere det i resepsjonen og ta med kvittering ned til Badeland. Det er uansett viktig å ta vare på kvittering som bevis på betalt billett.
Følgjekort vert akseptert. Du kjøper då kun billett for den du er følgje til. Følgjekort må framvisast i billettluka.
Skulle du ha vanskar med betaling, ta kontakt med Badeland tlf. 57 73 71 09 (søndagar kl. 10.30 – 15.30) eller resepsjonen tlf. 57 73 71 00 (alle dagar).
Varer
I badebua kan du få kjøpt symjeutstyr som badehette, symjebriller m.m., i tillegg til hygieneartiklar som såpe, sjampo og badebleier.
Klippekort
Vi har klippekort til sals for barn og vaksne. Korta er gyldige i to år frå kjøpsdato. På grunn av avvikling av nettbutikk, vil dessverre ikkje QR-kode virke lenger for dei som har elektroniske klippekort. Om dette gjeld deg, ver snill å kontakte resepsjonen vår når du kjem.
Nye klippekort kan og kjøpast i resepsjonen.
Prisar
- Barn (0-2 år) er gratis
- Barn (3-16 år) kr. 60,-
- Vaksen kr. 100,-
- Familiebillett (2v. + 2 b.) kr. 270,-
- Klippekort barn (12 klipp) kr. 600,-
- Klippekort vaksen (12 klipp) kr. 1 000,-
Badeland er stengt i forbindelse med jul og nyttår. Dersom bassenget må stengast grunna vedlikehald eller liknande, vert det annonsert på heimesida og på Facebook-sida vår.