Vil ha fleire i rullestol på landslaget

Publisert: 16.06.2017
Oppdatert: 16.06.2017

– Eg ynskjer å konkurrere mot andre som sit i rullestol! Det seier Kim Ronny Nygård (44) frå Kalvåg. Han er landslagsspelar i biljard og representerte Noreg i EM i Portugal i mars 2017. Innan denne idretten er han den einaste aktive rullestolbrukaren i landet. – Biljard er ein utmerka idrett for ein som sit i rullestol, og vi konkurrerer i dei same konkurransane som andre, men det er ikkje så mange av oss.

I samarbeid med Kim Ronny Nygård og Norges Biljardforbund har Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter nyleg fått eit større og betre biljardbord. Målet er at det vil inspirere nye pasientar til å utforske aktiviteten, og at det kan bidra til auka rekruttering av funksjonshemma til idretten, både i lokalmiljø og på høgare nivå.

Kim Ronny Nygård har no kvalifisert seg til VM i biljard for rullestolbrukarar i november. Vi ynskjer han lukke til med førebuingane og med meisterskapen. Vi takkar også for samarbeidet så langt. Takk også til Kalvåg Biljard og Dart, og til Hyllestad Biljardklubb for velvilje og samarbeid om dette.

 

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.