Vi utvidar Fysvass-tilbodet

Publisert: 23.02.2017
Oppdatert: 23.02.2017

FOTO frå film_0246_Aktivitet i basseng

Det er stadig fleire som oppdagar gleda ved å trene i terapibassenget. Interessa for Fysvass har vore så stor i det siste at vi no aukar opp til to treningar i veka fram til påske 2017.

Ny tid er tysdagar kl. 19.30 – 20.30, som kjem i tillegg til treninga torsdagar kl. 19.30 – 20.30. Instruktør er fysioterapeut Gry N. Frankland.

Treninga er best når bassenget ikkje er for fullt. Det ideelle er å ikkje overstige 20 personar, men vi opnar opp for inntil 22 personar pr. trening.

Ein betalar på førehand i resepsjonen på Haugland, kr. 70,- pr. pers. Garderobane opnar kl. 19.15.

Vel møtt!

 

 

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.