Vi har vore på Ridderveka

Publisert: 07.04.2017
Oppdatert: 07.04.2017

Ridderveka er verdas største årlege vintersportsveke for utøvarar med nedsett syns- og rørslefunksjon. Den vart arrangert for 54. gong i perioden 26. mars – 2. april. Fysioterapeut ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter, Guro Hjelle Aamot, deltok i år saman med 12 studentar og lærar Hilde Genberg frå UWC Red Cross Nordic.

Nokre av studentane hadde arbeidsoppgåver som ledsagarar i restauranten, medan to av studentane var med som deltakarar på ulike skirenn.

Dei to deltakarane er representantar frå «Survival of Conflict» – eit mulitdisiplinært samarbeidsprosjekt mellom Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter, United World Collage og Haugland Internasjonale forsking og utviklingssenter (HIFUS).

Prosjektet fokuserar på å fremje utdanning og tilpassa rehabilitering for ungdomar frå ulike konfliktområder. Det kan omhandle skadar frå mellom anna landminer, traume, stigmatisering og flukt. Målet er å bidra til meistring, auka deltaking og livskvalitet.

Education and rehabilitation for survivors of conflict-prosjektet kan du lese meir om her

Sjå også UWC sin omtale av saka her

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.