Ledig stilling: Sjukepleiar/vernepleiar

Publisert: 09.11.2017
Oppdatert: 13.11.2017

Vikariat off. godkjend sjukepleiar/vernepleiar

Ein av våre sjukepleiarar har gått ut i svangerskapspermisjon, og vi har ledig eit vikariat i 80 % stilling frå snarast råd til 31.12.2018.

Dette er ei stilling for deg som likar å arbeide tverrfagleg samstundes som du er opptatt av å utvikle deg som fagperson.  Som sjukepleiar/vernepleiar vil du vere knytt til sjukepleieavdelinga og inngå i det daglege arbeidet på avdelinga. Du vil i tillegg vere knytt til eit team og ha moglegheit for å nytte din kompetanse i ulike aktivitetar saman med pasientane.

Senteret har ei ressursorientert tilnærming i rehabiliteringa der pasienten sjølv skal vere aktiv deltakar i rehabiliteringsprosessen. Vi nyttar tilpassa fysisk aktivitet, kognitiv terapi og undervisning som verkemiddel i rehabiliteringa.

KVALIFIKASJONAR:
– Du må kunne arbeide sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner.
– Søkarar må ha norsk autorisasjon, og beherske norsk skriftleg og munnleg.
– Det kan bli stilt krav om fremleggelse av politiattest forut for tiltredelse i stillinga jfr. Helsepersonelloven § 20a.


VI TILBYR:
– Spanande utfordringar i eit tverrfagleg miljø.
– Gode velferdsordningar
– Gode pensjonsordningar
– Løn etter KS sitt regulativ
– Godt arbeidsmiljø med både unge og meir erfarne kollega

Stillinga inngår i ein tredelt turnus.


Arbeidsgjevar og arbeidsstad:

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS
Haugland, 6968 FLEKKE


Kontaktperson:

Leiande sjukepleiar Ellen Eiken
Telefon: 57 73 71 00/ 57 73 71 21
E-post: ellen.eiken@rkhr.no


Søknadsfrist:

25.11.2017


Søknad merkast:

Vikariat sjukepleie


Søknad sendast til: 
ledigstilling@rkhr.no

 

 

» Sjå fleire ledige stillingar
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.