Ledig stilling: Sjukepleiar, fast deltidsstilling

Publisert: 11.05.2018
Oppdatert: 11.05.2018

 

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er ein spesialistinstitusjon innan fysikalsk medisin og rehabilitering. Senteret gir tilbod om rehabilitering for pasientar med behov for ei tverrfagleg og heilskapleg tilnærming i spesialisthelsetenesta.

Vi har driftsavtale med Helse Vest RHF om både dag- og døgnrehabilitering. Vi tilbyr fysikalsk rehabilitering ved kreftsjukdom, nevrologiske lidingar, CFS/ME, muskel-/ skjelettlidingar, hovudskade, hjerneslag, tinnitus/ Menières sjukdom, samt livsstilsendring ved sjukleg overvekt. Senteret har og tilbod om arbeidsretta rehabilitering for personar der tilbakeføring til arbeid/ utdanning er ei målsetting.

Det medisinsk faglege teamet består av legar, sjukepleiarar, psykolog, logoped, klinisk ernæringsfysiolog, fysioterapeutar, ergoterapeutar, sosionom, idrettspedagogar og  helsefagarbeidar. Senteret har 64 årsverk og 90 tilsette og held til i Flekke i Fjaler, om lag 15 mil nord for Bergen.

_________________________________________________________________________________________________________________

 

SJUKEPLEIAR

Vi har ledig ei 80% fast stilling som sjukepleiar ved senteret.

 

Dette er ei stilling for deg som likar å arbeide tverrfagleg samstundes som du er opptatt av å utvikle deg som fagperson.  Som sjukepleiar vil du vere knytt til sjukepleieavdelinga og inngå i det daglege arbeidet på avdelinga. Du vil i tillegg vere knytt til eit team og ha moglegheit for å nytte din kompetanse i ulike aktivitetar saman med pasientane.

Senteret har ei ressursorientert tilnærming i rehabiliteringa der pasienten sjølv skal vere aktiv deltakar i rehabiliteringsprosessen. Vi nyttar tilpassa fysisk aktivitet, kognitiv terapi og undervisning som verkemiddel i rehabiliteringa.

 

KVALIFIKASJONAR:

Du må kunne arbeide sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner.

Søkarar må ha norsk autorisasjon, og beherske norsk skriftleg og munnleg.

Det kan bli stilt krav om fremleggelse av politiattest forut for tiltredelse i stillinga jfr. Helsepersonelloven § 20a.

VI TILBYR:

  • Spanande utfordringar i eit tverrfagleg miljø.
  • Gode velferdsordningar
  • Gode pensjonsordningar
  • Løn etter KS sitt regulativ
  • Godt arbeidsmiljø med både unge og meir erfarne kollegaer

 

Stillinga inngår i ein tredelt turnus.

ARBEIDSGJEVAR OG ARBEIDSSTAD:

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS
Haugland, 6968 FLEKKE
Heimeside: www.rkhr.no

KONTAKTPERSON:
Leiande sjukepleiar Ellen Eiken
Telefon: 57 73 71 00/ 57 73 71 21
E-post: ellen.eiken@rkhr.no

SØKNADSFRIST:
27.05.2018

SØKNAD MERKAST:
Sjukepleiar

 

SØKNAD SENDAST TIL:  ledigstilling@rkhr.no

 

 

» Sjå fleire ledige stillingar
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.