Ledig stilling: Sjukepleiar, 80 og 100% vikariat

Publisert: 08.08.2017
Oppdatert: 08.08.2017

Vikariat off. godkjende sjukepleiar

To av sjukepleiarane våre skal ut i svangerskapspermisjon, vi har dermed ledig to vikariat i 80 og 100 % stilling frå oktober 2017 til oktober 2018.

Stillingane passar for deg som er interessert i å arbeide med eit ressursorientert fokus innan rehabilitering. Senteret nyttar individuelt tilpassa fysisk aktivitet, kognitiv terapi, rettleiing og undervisning som tilnærming i behandlinga.

Arbeidet vil omfatte direkte pasientkontakt, individuelle samtaler og oppfølging, i tillegg til tverrfagleg samarbeid med andre faggrupper. Stillingane er i utgangspunkt knytt opp til den nevrologiske pasientgruppa, og interesse for faget er ein fordel.

Stillingane inngår i ein tredelt turnus.

Vi har avtale med Helse Vest om både dag- og døgnrehabilitering, og har kring 1300 pasientar til behandling årleg.

 

KVALIFIKASJONAR:

Du må kunne arbeide sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner.

Søkarar må ha norsk autorisasjon, og beherske norsk skriftleg og munnleg.

Det kan bli stilt krav om fremleggelse av politiattest forut for tiltredelse i stillinga jfr. Helsepersonelloven § 20a.


VI TILBYR:

  • Spanande utfordringar i eit tverrfagleg miljø.
  • Gode velferdsordningar
  • Gode pensjonsordningar
  • Løn etter KS sitt regulativ
  • Godt arbeidsmiljø med både unge og meir erfarne kollegaer

 

ARBEIDSGJEVAR OG ARBEIDSSTAD:

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS
Haugland, 6968 FLEKKE


Kontaktperson:

Leiande sjukepleiar Ellen Eiken
Telefon: 57 73 71 00/ 57 73 71 21
E-post: ellen.eiken@rkhr.no

Søknadsfrist: 26.08.17

Søknad merkast: Vikariat sjukepleie

Søknad sendast til:
ledigstilling@rkhr.no

eller

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS
v/ Thor Grane
6968 FLEKKE

 

» Sjå fleire ledige stillingar
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.