Ledig stilling: Samhandlingskoordinator, fast stilling

Publisert: 11.05.2018
Oppdatert: 11.05.2018

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er ein spesialistinstitusjon innan fysikalsk medisin og rehabilitering. Senteret gir tilbod om rehabilitering for pasientar med behov for ei tverrfagleg og heilskapleg tilnærming i spesialisthelsetenesta. Satsingsgrupper er mellom anna rehabilitering av kreftpasientar, kronisk smerte og utmattingstilstander, nakke- og rygglidingar, nevrologi og sjukleg overvekt. Senteret har og tilbod om arbeidsretta rehabilitering for personar der tilbakeføring til arbeid/ utdanning er ei målsetting.

Det medisinsk faglege teamet består av legar, sjukepleiarar, psykolog, logoped, klinisk ernæringsfysiolog, fysioterapeutar, ergoterapeutar, sosionom, idrettspedagogar og  helsefagarbeidar. Senteret har 64 årsverk og 90 tilsette og held til i Flekke i Fjaler, om lag 15 mil nord for Bergen.

Vi har avtale med Helse Vest om både dag- og døgnrehabilitering og har kring 1300 pasientar til behandling årleg.

 

___________________________________________________________________________

 

Samhandlingskoordinator

100 % fast stilling

 

Vi har ledig 100 % stilling for samhandlingskoordinator ved Haugland Rehabiliteringssenter.

Samhandlinga skal sikre ei god forankring av pasientens lokale rehabilitering og bidra til at pasienten får den støtte som er nødvendig for å gå vidare i sin rehabiliteringsprosess.

Det er utvikla gode rutinar for samhandling ved senteret med utgangspunkt i samhandlingsreforma og kunnskapsbaserte arbeidsmetodar.

Samhandlingskoordinator skal være bindeledd mellom Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter, NAV, kommunehelsetenesta, sjukehusa, arbeidsgjevarar og skular.

Arbeidsoppgåvene vil bestå av samarbeid med tverrfagleg team og pasient med omsyn til oppfølging etter opphald på institusjonen. Vidare sikre og vidareutvikle gode rutinar for samhandling mellom institusjonen og kommunehelsetenesta. Samhandlingsfeltet har stort tviklingspotensiale og gode moglegheiter for utfordrande oppgåver og utvikling for rett person.

 

KVALIFIKASJONAR

3-årig høgskuleutdanning

Helse – sosialfagleg eller pedagogisk kompetanse

Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning.

 

Du bør ha evne til å jobbe systematisk og ha gode kommunikasjonsevner. Erfaring innan rehabiliteringsfeltet og tverrfagleg samarbeid vil vere ein fordel. Gode samarbeidsevner, evne til fleksibilitet og personlege eigenskapar vert vektlagt.  Kjennskap til NAV og/eller helsebakgrunn er ein fordel.

Søkarar må beherske norsk skriftleg og munnleg. Det kan bli stilt krav om framlegging av politiattest forut for tiltreding i stillinga jfr. Helsepersonelloven § 20a.

 

VI TILBYR

  • Arbeid med utfordrande faglege oppgåver i eit engasjert tverrfagleg miljø
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • God tilrettelegging for kurs / fagleg oppdatering
  • Konkurransedyktige vilkår
  • Eit godt arbeidsmiljø

 

Tilsetting 01.08.2018

 

ARBEIDSGJEVAR OG ARBEIDSSTAD:
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS
Haugland, 6968 FLEKKE

 

HEIMESIDE:
www.rkhr.no

 

VED SPØRSMÅL OM INNHALD I STILLINGA, KONAKT:
Samhandlingskoordinator Christine Nikøy Rogne
Telefon: 57 73 71 00/ 57 73 71 15
E-post: christine.rogne@rkhr.no


SØKNADSFRIST:
27.05.2018

 

 

SØKNAD MERKAST:
Samhandlingskoordinator

 

SØKNAD SENDAST TIL:  ledigstilling@rkhr.no

» Sjå fleire ledige stillingar
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.