Ledig stilling: Lege i spesialisering (LiS-lege), 100% stilling

Publisert: 31.01.2017
Oppdatert: 31.01.2017

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er ein spesialistinstitusjon innan fysikalsk medisin og rehabilitering. Senteret gir tilbod om rehabilitering for pasientar med behov for ei tverrfagleg og heilskapleg tilnærming i spesialisthelsetenesta.

Vi har driftsavtale med Helse Vest RHF om både dag- og døgnrehabilitering. Det medisinsk faglege teamet består av 3 legespesialister, sjukepleiarar, fysioterapeutar, ergoterapeutar, sosionom/attføringskonsulent, idrettspedagogar, klinisk ernæringsfysiolog, helsefagarbeidar og logoped.

Totalt er det ca. 90 tilsette på senteret. Vi held til i Flekke i Fjaler, om lag 15 mil nord for Bergen.

Lege i spesialisering, 100 %

Senteret er godkjent som utdanningsinstitusjon i gruppe II for inntil to år av spesialistutdanning innan fysikalsk medisin og rehabilitering, og inntil eitt år av spesialistutdanning innan allmennmedisin.


Vi gir tilbod til følgjande pasientgrupper:

  • Kreft/ følgjetilstand etter kreftbehandling
  • Nevrologiske sjukdomar
  • Muskel-/ skjelettplagar, bindevevslidingar og smertetilstandar
  • Tinnitus/ Menieres
  • Hjerneslag
  • Traumatisk hovudskade
  • Sjukleg overvekt
  • Personar med behov for arbeidsretta rehabilitering

RKHR har eit ressursorientert fokus der pasientane sine ressursar og moglegheiter vert vektlagt. Store delar av fagstab har utdanning innan kognitiv terapi, noko som òg pregar tilnærminga ved senteret. Vel 1300 pasientar får rehabilitering på senteret årleg.

Vår LiS-lege nærmar seg no ferdig med teneste hos oss,  og vi har i den forbindelse ledig 100 % stilling for lege i spesialisering.


Kvalifikasjonar:

  • Autorisert lege
  • Interesse for tverrfagleg rehabilitering
  • Gode kommunikasjonsevner

Søkjarar må beherske norsk skriftleg og munnleg, samt ha norsk autorisasjon. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Det vil kunne bli stilt krav om framlegging av politiattest forut for tiltreding i stillinga jfr. Helsepersonelloven § 20a.


Vi tilbyr:

  • Utfordrande arbeidsoppgåver i eit stort, tverrfagleg miljø
  • Undervisningsopplegg internt og i samarbeid med gruppe I institusjonar
  • Gode moglegheiter for kursdeltaking
  • Velferdstilbod for dei tilsette
  • Offentleg tenestepensjon
  • Løn etter avtale
  • Hjelp med bustad


Kontaktperson: 

Inger Johanne Osland
Tlf. 57737103
Epost: inger.osland@rkhr.no

Søknad sendast til:
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS
v/ Inger Johanne Osland
6968 FLEKKE

eller på epost: ledigstilling@rkhr.no

Søknadsfrist:              01.04.2017
Søknad merkast:        Lege i spesialisering

Sjå også annonse på www.legejobber.no

 

» Sjå fleire ledige stillingar
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.