Ledig stilling: Klinisk ernæringsfysiolog 100% vikariat

Publisert: 11.05.2018
Oppdatert: 11.05.2018

 Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er ein spesialistinstitusjon innan fysikalsk medisin og rehabilitering. Senteret gir tilbod om rehabilitering for pasientar med behov for ei tverrfagleg og heilskapleg tilnærming i spesialisthelsetenesta.

Vi har driftsavtale med Helse Vest RHF om både dag- og døgnrehabilitering. Vi tilbyr fysikalsk rehabilitering ved kreftsjukdom, nevrologiske lidingar, CFS/ME, muskel-/ skjelettlidingar, hovudskade, hjerneslag, tinnitus/ Menières sjukdom, samt livsstilsendring ved sjukleg overvekt. Senteret har og tilbod om arbeidsretta rehabilitering for personar der tilbakeføring til arbeid/ utdanning er ei målsetting.

Det medisinsk faglege teamet består av legar, sjukepleiarar, psykolog, logoped, klinisk ernæringsfysiolog, fysioterapeutar, ergoterapeutar, sosionom, idrettspedagogar og  helsefagarbeidar. Senteret har 64 årsverk og 90 tilsette og held til i Flekke i Fjaler, om lag 15 mil nord for Bergen.

_________________________________________________________________________

Klinisk ernæringsfysiolog

100 % vikariat

 

Då vår fast tilsette ernæringsfysiolog skal ut i eitt års permisjon, søkjer vi etter vikar frå

  1. august 2018. Stillinga passar for deg som er interessert i å arbeide med eit ressursorientert fokus innan rehabilitering. Senteret nyttar tilpassa fysisk aktivitet ute og inne, kognitiv terapi, rettleiing og undervisning som tilnærming i behandlinga. Arbeidet vil omfatte individuelle samtaler og oppfølging, men òg samarbeid i team med andre faggrupper. Gode samarbeidseigenskapar er derfor viktig.Vi har avtale med Helse Vest om både dag- og døgnrehabilitering, og har kring 1300 pasientar til behandling årleg.

    KVALIFIKASJONAR:
    Godkjent autorisasjon som klinisk ernæringsfysiolog. Erfaring frå klinisk arbeid er ein fordel. Stillinga føreset interesse for rehabilitering.

Søkarar må beherske norsk skriftleg og munnleg. Det kan bli stilt krav om framlegging av politiattest forut for tiltreding i stillinga jfr. Helsepersonelloven § 20a.
VI TILBYR

  • Spanande utfordringar i eit tverrfagleg miljø.
  • God pensjons – og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Løn etter KS- tariff

 

Tilsetting etter nærare avtale.

Vikariatet er mogleg for forlenging.

 

ARBEIDSGJEVAR OG ARBEIDSSTAD:
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS
Haugland, 6968 FLEKKE

 

HEIMESIDE:
www.rkhr.no

 

KONTAKTPERSON:
Leiande sjukepleiar Ellen Eiken
Telefon: 57 73 71 13
E-post: ellen.eiken@rkhr.no

SØKNADSFRIST:
27.05.2018

 

SØKNAD MERKAST:
Søknad klinisk ernæringsfysiolog

 

SØKNAD SENDAST TIL:

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS
v/ leiande sjukepleiar
6968 FLEKKE

Eller på e-post: ledigstilling@rkhr.no

» Sjå fleire ledige stillingar
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.