Ledig stilling: Idrettspedagog, 100% fast stilling

Publisert: 13.02.2018
Oppdatert: 13.02.2018

Vi har ledig stilling som idrettspedagog i 100 % fast stilling frå 01.04.18.  Hovudoppgåver vil vere tilrettelegging av tilpassa fysisk aktivitet for pasientar med behov for spesialisert og intensiv rehabilitering. Det er forventa at den som vert tilsett kan fungere som kontaktperson for pasientar. Denne oppgåva omfattar individuell oppfølging av enkeltpasientar, undersøking og kartlegging av pasientar, gjennomføring av fysiske testar og tilpassing av treningsopplegg . Idrettspedagogane har også ansvar for aktivitetsleiing og instruksjon både i basseng, gymsal, treningssal, utandørsaktivitetar og ulike friluftslivsaktivitetar.

Vi ser etter ein engasjert medarbeidar med interesse for rehabilitering. Det er ønskeleg at søkar har kompetanse innan fysisk aktivitet for funksjonshemma og erfaring med re – habilitering av barn/unge. Interesse for friluftsliv og kompetanse innan klatring og/eller kajakk vil også vere ein fordel.


KVALIFIKASJONAR:

3 – årig høgskuleutdanning
Relevant erfaring
Må beherske norsk skriftleg og munnleg.

Gode samarbeidsevner, erfaring med tverrfagleg arbeid, evne til å vere fleksibel og personlege eigenskapar vert vektlagt.

Det vil kunne bli stilt krav om framlegging av politiattest forut for tiltreding i stillinga jfr. Helsepersonelloven § 20a.

 

VI TILBYR: 

  • Arbeid med fagleg utfordrande oppgåver i eit engasjert tverrfagleg miljø
  • Varierte arbeidsoppgåver i eit høgt kompetent miljø
  • Konkurransedyktige vilkår
  • Eit godt arbeidsmiljø

 

Oppstart: 01.04.2018


Arbeidsgjevar og arbeidsstad: 

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS
Haugland, 6968 FLEKKE

 

Kontaktperson:
Personalleiar Thor Grane, tlf 57737107

Søknadsfrist:  1.mars 2018

Søknad merkast:  Idrettspedagog

Søknad med CV, attestar og vitnemål sendast til: ledigstilling@rkhr.no

» Sjå fleire ledige stillingar
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.