Ledig stilling: Assistent, fast helgestilling

Publisert: 05.09.2017
Oppdatert: 18.09.2017

Vi har ledig assistentstilling i avdeling for sjukepleie, ernæring og samhandling – fast stilling kvar 4. helg, todelt turnus.

Stillinga passar for deg som er interessert i menneske og vil lære meir om rehabilitering. Jobben består mellom anna i å bistå ved stell, følge til/frå og delta i pasientaktivitet. Du jobbar tett saman med sjukepleiar, men må òg ha evne til sjølvstendig arbeid. Du må ta livredningsprøve i basseng.

Vi har avtale med Helse Vest om både dag- og døgnrehabilitering, og har over 1300 pasientar til behandling årleg.


Kvalifikasjonar
:

  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner.
  • Du må vere over 18 år.
  • Du må beherske norsk skriftleg og munnleg.

Det vil kunne bli stilt krav om framlegging av politiattest før tiltreding i stillinga jfr. Helsepersonelloven § 20a.


Vi tilbyr: 

  • Spanande utfordringar i eit tverrfagleg miljø.
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • God pensjons – og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Løn etter KS sitt regulativ

 

Ynskjer du meir informasjon om stillinga, ta kontakt med leiande sjukepleiar Ellen Eiken på tlf 57 73 71 00 eller epost: ellen.eiken@rkhr.no

 

Søknad sendast på epost til: ledigstilling@rkhr.no

eller pr.post til:
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS
v/ Thor Grane
6968 FLEKKE

Søknad merkast: “Assistent”

Søknadsfrist:  22.09.17 

 

 

» Sjå fleire ledige stillingar
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.