Reiseinformasjon

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter ligg i Fjaler kommune i Vestland fylke. Vi held til på Haugland som ligg tre kilometer utanfor bygda Flekke. Det er fleire alternative reisemåtar for å komme til senteret.

Klikk på temaet du vil lese meir om i lista under.

Dei fleste pasientane nyttar offentleg transport eller eigen bil, og organiserer reisa si på eigehand. Pasienten må då sjølv bestille evt. billetter. Hugs å ta vare på kvitteringar/ dokumentasjon på utlegg.

Sjå meir informasjon under om dei ulike transportmidla du kan nytte for å komme til Haugland.

Treng du hjelp til planlegging av reisa, sjå heimesida til Pasientreiser eller ring dei på tlf. 05515.

I nokre tilfelle må reisa hit rekvirerast spesielt, t.d. om helsemessige årsaker gjer at ein må ha drosje heile vegen. Dette må i tilfelle ordnast av tilvisande lege el. anna hjelpeapparat heime i samarbeid med Pasientreiser.

Du kan køyre eigen bil til senteret. Vi anbefaler at du då orienterer deg om reiseruta før avreise.

Frå sør/ Bergen:

Følg E39 nordover til Sognefjorden. Ta ferje frå Oppedal til Lavik, på dagtid går ferja hyppig. Rutetider finn du på www.norled.no. Frå Lavik er det ulike vegar til Flekke. Dei to første alternativa er på smale vegar det meste av ruta.

  • Alt. 1: Køyr Fv 607 vestover via Leirvik til du møter Fv 57. Følg Fv 57 nordover til Flekke.
  • Alt. 2: Ved godt føre kan du ta snarveg over Lavikdal (Lavikdalsvegen) til du møter Fv 57 til Flekke.
  • Alt. 3: Hald fram austover frå Lavik på E39. Køyr til Vadheim og deretter nord til Sande. Her svingar du av vestover retning Dale, først på Fv 610 og etter kvart på Fv 57 til Dale. Merk at det for tida er vegarbeid på denne strekninga, der det kan vere stengt inntil to timar. Meir informasjon finn du her.

Frå nord eller aust:

Følg E39 til Sande, som ligg mellom Førde og Vadheim. På Sande svingar du vestover retning Dale,

først på Rv 610 og etter kvart på Fv 57 til Dale. Merk at det for tida er vegarbeid på denne strekninga, der det kan vere stengt inntil to timar. Meir informasjon finn du her.

Frå Flekke til Haugland:

Sving av frå Fv 57 når du kjem til Flekke. Køyr forbi Jokerbutikken og følg vegen i om lag 3 km. Når du kjem til 30-sona, er du komme til Haugland. Køyr ned bakken forbi dei første husa (United World College), og forbi aktivitetsbygget vårt med gras på taket. I det neste bygget finn du resepsjonen til Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter.

Parkering:

Det er oppmerka parkeringsplassar ute. For dei som har parkeringstillating for forflyttingshemma, har vi reservert område for dette utanfor resepsjonen.

Ladestasjon

Det er ladestasjonar ved senteret, sjå meir informasjon om det her.

Det går hurtigbåtar langs Vestlandskysten og langs Sognefjorden. For rutetider hurtigbåt sjå Norled > Hurtigbåt. Både båten til Sogndal og båten til Nordfjord er aktuelle å bruke.

Våre nærmaste kaier er Rysjedalsvika (Hyllestad kommune) og Askvoll (Askvoll kommune). For dei fleste er det enklast å gå av i Rysjedalsvika, for her går det buss som korresponderer vidare til Flekke. Du finn rutetider på www.kringom.no (Lokalbuss 14-401 Førde-Dale-Rysjedalsvika).

Frå Flekke må ein ta drosje dei siste 3 km til senteret. Drosja bør tingast på førehand, sjå nummer lenger ned på sida. Med tanke på dekking av reiseutgifter i ettertid (Pasientreiser), så er drosje på denne strekninga på trafikalt grunnlag, då det ikkje går offentleg transport. Du kan få med deg stadfesting på dette når du reiser heim. Drosje mellom Flekke og Haugland vil ofte vere samordna med fleire pasientar.

Om du kjem med båt frå Nordfjord, må du vere merksam på at det ikkje går offentleg transport frå Askvoll til Haugland. Vel du å likevel bruke Askvoll som stoppestad, må du ta høgde for å dekke drosje til Haugland sjølv, om ikkje Pasientreiser dekker det.

Dersom du har spesielle hjelpemiddel eller anna som båten må ta omsyn til, må Norled få beskjed om dette på førehand (tlf. 51868700).

Om du har fått godkjent drosje t/r hurtigbåt er Askvoll kai anbefalt framfor Rysjedalsvika, då det er eigne drosjer i Askvoll.

Det går ekspressbussar til Førde frå Oslo, Bergen, Ålesund og Trondheim. Frå Førde går det buss til Dale/ Flekke nokre gonger om dagen, med redusert tilbod i helgane. Du finn rutetider på www.kringom.no (Lokalbuss 14-401 Førde-Dale-Rysjedalsvika).

Frå Flekke må ein ta drosje dei siste 3 km til senteret. Drosja bør tingast på førehand, sjå nummer lenger ned på sida. Med tanke på dekking av reiseutgifter i ettertid (Pasientreiser), så er drosje på denne strekninga på trafikalt grunnlag, då det ikkje går offentleg transport. Du kan få med deg stadfesting på dette når du reiser heim. Drosje mellom Flekke og Haugland vil ofte vere samordna med fleire pasientar.

Næraste flyplass er Førde lufthamn Bringeland (40 km frå Haugland). Det er Widerøe som flyr mellom Oslo og Førde.

Til og med mars 2024 tilbyr vi transport t/r flyplassen på ankomst- og avreisedag til fastsett tidspunkt. Om det er aktuelt for deg å reise med fly, ber vi deg kontakte oss på tlf. 57 73 71 00 før bestilling av billettar med tanke på transport til og frå Førde lufthamn.

Alternativ transport frå flyplassen er flybuss til Førde og rutebuss vidare til Flekke. Sjekk rutetider på www.kringom.no.

Treng du eigen drosje t/r flyplass, bør den tingast på førehand. Sjå telefonnummer lenger ned på sida.

Merk at flyreiser og evt. drosje over lengre avstandar må vere godkjent på førehand av tilvisande lege og Pasientreiser. Dette gjeld ikkje transporten som blir organisert av oss t/r flyplass.

Frå og med april 2024 tilbyr vi ikkje lenger transport t/r flyplass.

Då må ein nytte offentleg transport frå flyplassen til Flekke:

  • Til Haugland bør ein ta flyet som går i 12-tida frå Oslo. F.o.m. april landar det kl. 13.10 på Førde lufthamn Bringeland. Her tar ein korresponderande flybuss til Førde Rutebilstasjon.
  • Kl. 14.10 tar du buss 210 frå Førde Rutebilstasjon med ankomst Dale i Sunnfjord kl. 15.20.
  • I Dale byter du buss til buss 223. Den går frå Dale kl. 15.30 og er framme i Flekke 15.40.
  • Frå Flekke må du på førehand ha tinga drosje som kan ta deg dei siste 3 km til Haugland. Sjå meir informasjon under fana «Drosje».

Ved avreise frå Haugland hjelper vi til med bestilling av drosje til Flekke. Deretter går det offentleg transport:

  • Buss 210 går frå Flekke kl. 11.00 og er framme på Førde Rutebilstasjon kl. 12.15.
  • Her må du byte til flybuss som går kl. 12.20 og er framme på flyplassen kl. 12.40.
  • Flyet har avgang kl. 13.30.

For å vere sikker på at bussane går som skissert den datoen du skal reise, ber vi deg legge inn reisa på www.entur.no med riktig dato.

Om sommaren kan Widerøe ha andre flytider. Ta i tilfelle kontakt med oss.

Treng du eigen drosje t/r flyplass, bør den tingast på førehand. Sjå telefonnummer lenger ned på sida.

Merk at flyreiser og evt. drosje over lengre avstandar må vere godkjent på førehand av tilvisande lege og Pasientreiser.

For nokre pasientar er det vanskeleg å følgje offentleg transport og reisa må tingast som ei rekvirert pasientreise. Reisa hit må i tilfelle ordnast av tilvisande lege el. anna hjelpeapparat heime i samarbeid med Pasientreiser. Vi ved RKHR vil vere behjelpelege med heimreisa di.

For pasientar som bur på sperra eller hemmeleg adresse gjeld eigne rutinar, sjå Helsenorge under Hemmeleg identitet.

Når ein skal på rehabiliteringsopphald, kan ein få dekka reisa til og frå opphaldet. Du fyller ut skjema elektronisk eller på papir, og må sjølv sende det inn til Pasientreiser. Hugs å legge ved kvitteringar/ dokumentasjon på utgifter.

Eigen bil: Pasientar får dekka utgifter med eigen bil etter fastsette km-takstar. Merk at tilleggsutgifter som bompengar, ferje, piggdekkgebyr m.m. ikkje er omfatta av dette.

Om du av helsemessige årsakar må nytte eigen bil, må det på førehand avklarast med lege/ sjukepleiar. RKHR har kun ansvar for å vurdere dette ift heimreisa. I tilfelle skriv vi ut ei eiga stadfesting som skal leggast ved refusjonskravet til Pasientreiser. I slike tilfelle vert også tilleggsutgiftene dekka (bompenger, ferje m.m).

Drosje til offentleg transport: Fordi det ikkje går offentleg transport frå senteret, kan det vere naudsynt med ekstra transport fram til offentleg transport, t.d. drosje frå Haugland til Flekke. Denne delen av reisa vert tinga på trafikalt grunnlag, og vil ofte vere samordna med fleire pasientar. Reisa vert dekka av Pasientreiser på same måte som hovudreisa, men du må framlegge dokumentasjon på utlegg til Pasientreiser som du får frå resepsjonen vår. I tillegg må du hugse å kommentere på refusjonsskjema kvifor du måtte nytte drosje (t.d. «Det går ikkje offentleg transport»).

Guddal Taxi: 971 82 886

Skadal Taxi: 911 42 446

Ruteopplysinga: Tlf. 177 (Ringer du utan frå Sogn og Fjordane nyttar du: Tlf. 815 00 178)

Skyss: Tlf: 555 59 070

Widerøe: Billettar og ruteopplysing: 810 01 200

Avinor AS Førde Lufthavn, Bringeland:  577 17 907

Treng du hjelp til planlegging av reisa? Ta kontakt med Pasientreiser, tlf. 05515. Merk at flyreiser og drosje over lengre avstandar må vere godkjent på førehand av tilvisande lege/ Pasientreiser.