Spesialisert Rehabilitering

Haugland Rehabiliteringssenter eit rehabiliteringssenter innan spesialisthelsetenesta. Vi tek imot rundt 1 300 pasientar årleg, med variasjon i funksjonsnivå, tilstand og diagnose.

Behandlingsideologien er inspirert av Erling Stordahl sin visjon om å leggje til rette for aktivitet og deltaking uavhengig av funksjonsnivå. Vi set pasienten i sentrum for sin eigen rehabiliteringsprosess, og tverrfagleg stab vil motivere og rettleie undervegs.

Vi har ei ressursfokusert tilnærming, der pasientane sine ressursar er viktigare enn begrensingane. I prosessen nyttar vi friluftsliv, tilpassa fysisk aktivitet og samtale, samt undervisning basert på kognitiv/metakognitiv terapi. Heilskapstanken står sentralt i rehabiliteringsprosessen.

Foto: Oddmund Haugen

Fagideologien byggjer på skulemedisinske prinsipp der måla er å:

  • Auke sosial og/ eller arbeidsmessig deltaking
  • Redusere følgjetilstander etter sjukdom
  • Betre psykisk helse
  • Betre fysisk helse

Vi har driftsavtale med Helse Vest RHF om spesialiserte rehabiliteringstenester og arbeidsretta behandling, og vi tilbyr både dag- og døgnopphald.

Pasientane kjem i hovudsak frå dei tre fylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane, men tilbodet er landsdekkande. Aldersgjennomsnittet er under 50 år.