Arbeidsretta rehabilitering

Sidan 2008 har vi hatt tilbod om spesialisert arbeidsretta rehabilitering etter avtale med Helse Vest.

Formålet med arbeidsretta rehabilitering er å bidra til betre helse og arbeidsevne, og betre jobbmeistring og livskvalitet. Rehabiliteringa har derfor både helse og arbeid som mål. Med arbeid meiner vi også skule og utdanning.

Tilbodet vårt er i tråd med dei siste tilrådingane frå Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering.

Målgruppe:
Tilbodet er for deg som er sjukmeld (herunder også AAP) eller som står i fare for å bli sjukmeld, og som treng hjelp til å komme tilbake i arbeid.

Mål:
Målet med tilbodet er å bidra til at du kan komme tilbake til jobb, eller at du skal unngå sjukmelding, få auka arbeidsevne og oppleve jobbmeistring.

Tiltak og metode:
Arbeidsretta rehabilitering kan være nøkkelen tilbake til arbeidslivet for deg som er sjukmeldt eller står i fare for å bli det. Under opphaldet får du hjelp til å nå målsettinga di, trygging i din arbeidssituasjon og di arbeidsevne.

Vi har fokus på mestring og din medverknad. Det er eit mål at den prosessen du startar på under opphaldet hos oss, skal halde fram når du kjem heim.

Vi arbeider tverrfagleg og med ei heilskapleg tilnærming. Ein i teamet vil vere din koordinator under heile opphaldet. Teamet vårt vil ha fokus på avklaring og betring av di meistringsevne, funksjonsevne og arbeidsevne, samt medisinske problemstillingar som hindrar di arbeidsdeltaking.

Vi vil gje deg rettleiing, undervisning og utfordringar, for å auke di erfaring og gje deg tryggheit i høve til å bruke eigen kropp samt motivasjon i forhold til å vere fysisk aktiv og aktiv i arbeidslivet.

Du vil under opphaldet få tilpassa aktivitet tilpassa ditt funksjonsnivå, med eige treningsprogram for betring av di fysiske yteevne, særleg til dei krav du har i høve fysisk kapasitet i din jobb.

Vi har mange spennande og allsidige aktivitetar både i grupper og individuelt, inne og ute. Eksempel på aktivitetar er gruppetrening i gymsal, trening i symjebasseng, terapibasseng, dans/aktivitet til musikk, kroppskjennskap, avspenning i basseng, styrketrening, kondisjonstrening, turar og naturopplevingar, stavgang, kano-/ kajakkpadling, klatring/rappellering, simulatorskyting/ luftgevær/ bogeskyting, handverksaktivitetar, sosiale utflukter og kulturelle aktivitetar.

Kontakt med eksterne samarbeidspartar:
Under rehabiliteringsopphaldet tek vi kontakt med aktuelle eksterne aktørar ved behov, dette vert alltid gjort i samråd med den enkelte pasient. Det kan vere fastlege, arbeidsgjevar, NAV, bedriftshelseteneste eller andre.

Søknad:
Søknad om opphald må sendast frå fastlege eller sjukehus.