Reiseinformasjon

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter ligg i Fjaler kommune i Sogn og Fjordane. Haugland ligg 3 km utanfor bygda Flekke, og det er ulike reisealternativ for å komme til senteret;

Eigen bil

Frå sør: Køyr E39 nordover til Sognefjorden, ta ferja frå Oppedal til Lavik. Rutetider finn du på www.norled.no. Frå Lavik køyrer du Rv 607 til du møter Rv 57. Snarveg er Fv 63 Lavikdal ved godt føre. Følg Rv 57 nordover til Flekke.

Alternativt kan du halde fram på E39 også på nordsida av Sognefjorden, og følgje denne austover og nordover til Sande. Her svingar du vestover i retning Dale (Rv 610 og etterkvart Rv 57). Følg vegen via Dale til Flekke.

Frå nord eller aust: Køyr E39 til Sande, midt mellom Førde og Vadheim. På Sande svingar du vestover i retning Dale (Rv 610 og etterkvart Rv 57). Følg vegen via Dale til Flekke.

Frå Flekke til Haugland: Sving av frå hovudvegen når du kjem til Flekke (skilt i vegen). Køyr forbi Jokerbutikken, og følg vegen ca. 3 km. Når du kjem til 30-sona, er du framme på Haugland. Køyr ned forbi dei første husa (United World College) og aktivitetsbygget med gras på taket; i det neste bygget finn du resepsjonen til rehabiliteringssenteret.

Fly

Næraste flyplass er Førde Lufthamn Bringeland (40 km frå Haugland). Det er Widerøe som flyr t/r Førde. Vi tilbyr transport t/r flyplassen kvar onsdag til fastsett tidspunkt (ankomst/avgang). Viss det er aktuelt for deg å reise med fly, ber vi deg kontakte oss på tlf. 57 73 71 00 før bestilling av billettar med tanke på transport til/frå flyplassen.

Alternativ transport frå flyplassen er flybuss til Førde og rutebuss vidare til Flekke, sjå www.kringom.no. Du kan også ta drosje direkte til Haugland Rehabiliteringssenter, då vil det vere lurt å bestille drosje på førehand, kontakt Guddal Taxi på tlf. 971 82 886.

Merk at flyreiser, samt drosje over lengre avstandar, må vere godkjent på førehand av tilvisande lege/ Pasientreiser (tlf. 05515).

Hurtigbåt

Frå Bergen, Indre Sogn og Nordfjord går det hurtigbåt til Rysjedalsvika alle kvardagar. Her korresponderer det med buss vidare til Flekke. Frå Flekke må ein ta drosje, som bør tingast på førehand (Guddal Taxi tlf. 971 82 886). Sjå  rutetider for hutigbåt på Norled sine sider.

Buss

Det går ekspressbuss til Førde frå Oslo, Bergen, Ålesund og Trondheim. Frå Førde går det buss til Dale/ Flekke nokre gonger om dagen (redusert i helgane). Du finn rutetider på www.kringom.no

Frå Flekke må du ta drosje til Haugland; det er lurt å bestille drosje på førehand (Guddal Taxi tlf. 971 82 886).

Nyttige telefonnummer:

Guddal Taxi: 971 82 886
Ruteopplysinga Sogn og Fjordane: Tlf. 177
(Ringe utanfrå fylket: Tlf. 815 00 178)
Avinor AS Førde Lufthavn, Bringeland:  577 17 907
Widerøe: Billettar og ruteopplysing: 810 01 200

Treng du hjelp til planlegging av reisa? Ta kontakt med Pasientreiser, tlf. 05515. Merk at flyreiser, samt drosje over lengre avstandar, må vere godkjent på førehand av tilvisande lege/ Pasientreiser (gjeld reiser til senteret).

Velkomen til Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter!