Pakkeliste

  • Treningskle

    til aktivitetar innandørs, gjerne romslege kle som er gode å bevege seg i.

  • Innesko

    som er gode å bevege seg i, og som sit godt på foten. Slippers, crocs o.l. er ikkje eigna til aktivitet.

  • Gode utekle

    tilpassa vér og årstid. Her meinar vi ytterkle som tåler regn og vind, eller kulde i den kalde årstida. Hugs også hue, sjal og vottar.

  • Gode utesko

    som sit godt på foten. Det er viktig at du kan halde deg varm på beina, også i vått terreng eller når det er kaldt.

  • Ullundertøy

    til kalde dagar, så du held varmen når vi er ute.

  • Turutstyr

    Liten tursekk og evt. hovudlykt viss du har dette.

  • Turstavar

    dersom du har eigne. Elles kan du låne ved senteret om du ynskjer.

  • Hjelpemiddel

    Brukar du spesielle hjelpemiddel innandørs eller utandørs, lyt du ta det med deg.

  • Badetøy

    til bassenget. Ta med deg badetøy sjølv om du ikkje er glad i å bade, vi har gode hjelparar i bassenget! Har du utfordringar med inkontinens (lekkasje av urin og/eller avføring) må du ha spesiell badebukse berekna for inkontinens for å delta i bassengaktivitet.

    Dersom du treng ei slik badebukse kan du ta kontakt med ergoterapeut eller hjelpemiddelformidlar i kommunen din. Det er viktig at du får hjelp til å ta korrekte mål, slik at du får ei badebukse som er spesielt tilpassa deg. Du vil då kunne vere i basseng på lik linje med andre pasientar under opphaldet.

    Det er viktig at du kontrollerar at badebuksa passar og er tett før du kjem, og at du har vanleg badetøy som passer over denne. Ver merksam på lang behandlings- og bestillingstid.

  • Medikament

    Ta med medikament og eventuelle andre medisinske rekvisita du måtte trenge under opphaldet.

  • Oppfølgingsplan/aktivitetsplan/individuell plan

    Ta med oppfølgingsplan frå arbeidsgjevar og/eller aktivitetsplan frå NAV viss du har slik plan. Det same gjeld om du har individuell plan.

  • Frikort 2

    Ta med Frikort 2  eller godkjent vedtak om yrkesskade dersom du har dette.

  • Ikkje nødvendig

    Du treng ikkje ta med handkle eller sengkle.