Når du kjem

Når du kjem til oss henvender du deg i resepsjonen. Her vil du bli tatt imot, få tildelt rom og få nødvendig praktisk informasjon. Sjukepleiar vil ta imot deg same dag, eller neste dag om du kjem seint.

Pasientane er delt inn i tre grupper; rød, grøn og gul gruppe. Du får ein fagperson frå gruppa di som kontaktperson under opphaldet. Ved innkomst får du namneskilt som du vert oppmoda til å bruke under opphaldet, skiltet er merka med farge etter gruppa du tilhøyrer.

Dei første dagane går med til å verte kjend med senteret, ha samtaler med fagstab og få tilpassa timeplanen din. Det kan verte noko venting desse dagane, men etter kvart vil du komme godt inn i programmet. Bruk gjerne ventetida til å gjere deg meir kjend med senteret og området rundt.

Nye folk og omgjevnader kan vere både spennande og utfordrande. Vi skal gjere vårt beste for at du kjenner deg godt ivaretatt og får ein god start på rehabiliteringsopphaldet.