Målsetting og timeplan

Vi tek imot pasientar med ulike problemstillingar og diagnoser, det kan derfor vere ulikt frå person til person kva som er målsettinga for rehabiliteringsopphaldet. Den informasjonen vi får i tilvisinga og i svarskjema, gir oss eit bilete av deg før du kjem til senteret. Ved innkomst vil fagstab kartlegge nærare gjennom samtale og evt. undersøking, deretter utarbeider vi timeplan for opphaldet ilag med deg.

Som pasient hos oss tilhøyrer du ei fast gruppe, med tverrfagleg stab knytt til gruppa og du vil ha ein koordinator under opphaldet. Du får individuelle samtaler ved innkomst og individuell oppfølging under opphaldet. Mange av aktivitetane vil føregå i gruppa, men tilpassa ditt funksjonsnivå.