Kultur- og fritidstilbod

Vi ligg i Flekke i Fjaler kommune, ein liten kommune i Vestland fylke som er kjend for å vere eit ope og internasjonalt samfunn, der kultur er eitt av satsingsområda. Vi har tradisjon for å ha eit variert utval av kultur- og fritidsaktivitetar her ved senteret, og legg opp til aktivitetar ute og inne. Vi ynskjer at aktivitetane kan vere med og skape glede og nye erfaringar, og vere ein arena for meistring og ny kunnskap.

Snikkarbua

Nede ved fjorden ligg Snikkarbua, med rom for handtverk, måling og andre hobbyaktivitetar. Du får kjøpt målingsutstyr i resepsjonen, eller du kan ta med eige utstyr. Du får og kjøpt treprodukt til måling, pakkar til nålefilting og litt garn.

Hobbyrom på hovudhuset

I gangen ved pasienttavlene er det eit lite hobbyrom. Du får kjøpt målingsutstyr i resepsjonen, eller du kan ta med eige utstyr. Du får og kjøpt treprodukt til måling, pakkar til nålefilting og litt garn.

Uteaktivitet

Senteret ligg flott til ved Flekkefjorden, og området er mykje brukt til rekreasjon og fisking. Vi låner ut fiskeutstyr, samt ulike typer utstyr og spel til uteaktivitet. Det er og godt merka turløyper i området om ein ynskjer eigentur på veg eller i terreng.

Vi har og utlån av kano, robåt, syklar og aktivitetshjelpemiddel i aktuell sesong. Merk at bruk av dette må vere avklara med din koordinator på førehand.