Kosthald og måltid

Vi legg vekt på eit variert og næringsrikt kosthald på senteret.

Matsalen ligg i hovudbygget, like ved resepsjonen. Matsalen er over to plan, med trapp og heis mellom etasjane. Pasientane hentar maten sin i buffet til alle måltid, personalet tilbyr hjelp til dei som har behov for det.

Når du kjem til senteret får du tildelt fast plass i matsal. Denne plassen er din under heile opphaldet, så sant det ikkje vert gjort endringar ved stab.

Når du takkar ja til opphald hos oss, må du fylle ut eit svarskjema og returnere. Her opplyser du om evt. allergiar eller matintoleranse.

Andre diettar som t.d. lavkarbodiett, har vi ikkje anledning til å ta omsyn til ved kjøkkenet. Retningslinjer frå Helsedirektoratet ligg til grunn for kosthaldet ved institusjonen.


Det er fylgjande måltid på senteret:

Frukost:          08.00 – 09.00 (sundag kl. 08.00 – 09.30)
Fruktmåltid:   10.00 – 10.30 (måndag – fredag)
Lunsj:              11.45 – 12.45
Middag:          16.00 – 17.00
Kvelds:            19.15 – 20.00